Milliongåve frå Luster Sparebank til utbygging av anlegg ved Sogn Skisenter

Foto: Sogn Avis ved Wenche Schanke Eikum

Like før jul, fekk vi kjennskap til at Luster Sparebank hadde vedteke å støtte anlegga for hopp og langrenn ved Sogn Skisenter med ein million kroner. I dag vart dette kunngjort i Sogn Avis v/Wenche Schanke Eikum med flott artikkel og flott omtale i avisa: Artikkel SA 22.01.2022

Etter at hoppbakkane i Kvamsbakken vart avvikla i fjor, har det vore ein lang og parallell planprosess for å få på plass nye anlegg for hopp ved Sogn Skisenter. Hafslo Idrettslag vedtok på årsmøte i 2016 å støtte både etablering av hoppanlegg K10 og K19 og langrenn i form av rulleskiløype ved skisenteret. Sogn Skisenter, IL Bjørn, Luster Idrettsråd (som representerer alle idrettslaga i kommunen) og Luster kommune har også støtta opp om desse anlegga.

Spelemiddelsøknadane for hopp K10 og K19 er godkjent, og arbeidet med hoppbakkar K10 og K19 er nesten ferdigstilt ved Banktrekket ved Sogn Skisenter. Målet er å få på plass heilårsbakkar etterkvart. Hafslo IL står som søkjar og eigar av hoppanlegga, men har godt samarbeid med Sogn Skisenter om drift av desse.

Spelemiddelsøknad for rulleskiløype og snøproduksjonsanlegg er sendt inn, og Sogn Skisenter står som søkjar av dette anlegget med økonomisk støtte frå Hafslo IL, IL Bjørn og Luster kommune. Vi håpar denne søknaden vert godkjent i løpet av våren 2022.

Leiar i hoppgruppa, Jon Ove Lomheim, har gjort ein enorm innsats for å få realisert desse anlegga. Jon Ove sit også i styret for Sogn Skisenter, og har hatt god dialog med idrettslaga, Luster Idrettsråd, Sogn Skisenter og Luster kommune for å få sendt inn spelemiddelsøknader for anlegga. Han har også stått bak søknaden om økonomisk støtte frå Luster Sparebank.

Vi er uansett utruleg takksame for gåva frå Luster Sparebank. Å støtte utvikling av anlegg på Sogn Skisenter med ei slik gåve er utruleg viktig for alle innbyggjarane i Luster kommune, og ikkje minst for idrettslaga som vil få gode vilkår for å tilby god og variert aktivitet i samarbeid med Sogn Skisenter i åra som kjem. Tusen takk, Luster Sparebank!

Frå venstre Lene Fuhr Sandvik, Luster Sparebank, Jon Ove Lomheim, Hoppgruppa HIL/styremedlem Sogn Skisenter, Oddstein Haugen, banksjef Luster Sparebank

Vi vil også takke Sogn Avis v/Wenche Schanke Eikum for det flotte innslaget i Sogn Avis og for lån av bilete i denne artikkelen.