Påmelding til aktivitetar i regi av Hafslo IL sesongen 2023

Då har vi snart avslutta nok eit flott år og sesong med stor og variert aktivitet i Hafslo Idrettslag. Idrettslaget vil takke alle medlemene våre som har delteke på ulike aktivitetar og alle andre som har vore medlemer i 2022!

No er det mogleg å melde seg på aktivitetar sesongen 2023. Vi håpar mange ønskjer å delta på ein eller fleire av aktivitetane våre også komande sesong, og satsar på at vi kan starte opp med vinteraktivitetar om ikkje så altfor lang tid.

Alle som skal vere med på aktivitetar sesongen 2023  melde seg på i eitt av dei elektroniske skjemaene de finn lenkjer til nedanfor. Det er tre ulike påmeldingsskjema:

Fotball aldersbestemt og miniputt sesongen 2023 (jenter og gutar fødde 2005 – 2017) – påmeldingsfrist 20.januar 2023.

Fotball senior sesongen 2023 (damer og herrer) – påmeldingsfrist 8.januar 2023.

Annan idrettsaktivitet sesongen 2023 (langrenn, alpint, freeski, skihopp, barneidrett 6-12 år, småbarnstrim 0-5 år, håndball, Idrett for Alle, basistrening, volleyball (vaksne) – ikkje påmeldingsfrist, men vi ber om at alle melder seg på etterkvart som aktivitet startar opp.

Det er mogleg å melde seg på i fleire skjema/aktivitetar, og vi ber om at alle melder seg på alle aktivitetar dei er med på. Ved deltaking på fleire aktivitetar, treng ein uansett å betale berre ei treningsavgift.

For å delta i aktivitetar i regi av Hafslo IL  følgjande vera oppfylt:

1. Medlemskap i Hafslo Idrettslag (kr.300 for einskildmedlem/kr.750 for familiemedlemsskap).Lenkje til informasjon om medlemsskap i Hafslo IL. Medlemsskap er ein føresetnad for å vera omfatta av forsikringar som trer inn i tilfelle skadar. Medlemsskap er også grunnlag for ulike støtteordningar og offentlege tilskot.

2. Betale trenings-/deltakaravgift til idrettslaget, jf. informasjon og satsar på heimesida: Treningsavgift. Det er berre krav om ei trenings-/deltakaravgift uansett kor mange idrettar ein deltek i for Hafslo Idrettslag.

3. Utføre dugnadsarbeid som t.d: Medlem av fotballgruppa, medlem i foreldrelaget, trenar, lagleiar, loddsal, leiar av særgruppe, anna arbeid. Enkelte særgrupper har ulike dugnader i tillegg. Dugnadsskjema vert sendt ut i eigen e-post seinare.

4. Gjeld berre fotball: Jobbe 2 dugnadsvakter på Lerum Cup 2023 (23.-25. juni) eller betale 1 500 kr per påmeldt born/seniorspelar for fritak for dugnad på Lerum Cup 2023. Eige skriv om dugnadsønskje vert sendt ut seinare.

NB!  Idrettslaget gjer merksam på ordninga med Luster Fritidsfond, der born og unge kan få økonomisk støtte til deltaking i fritidsaktivitetar.

Det er viktig at alle som deltek i idrettsaktivitetar i Hafslo IL melder seg på dei ulike aktivitetane i skjemaene ovanfor, slik at vi får registrert medlemsskap med tanke på forsikringsdekning mm.

Når idrettslaget har registrert påmelding til ein eller fleire aktivitetar, får du i løpet av januar 2023 tilsendt eigen e-post frå leiar@hafslo-il.no med betalingsinformasjon om korleis du betalar faktura for medlemsskap og treningsavgift gjennom minidrett.no. Faktura for medlemsskap og treningsavgift kjem i ulike e-postar. Merk at e-postar blir sendt til den første registrerte e-postadressa som blir oppgitt ved påmelding!

Særskilt for fotball: Påmeldinga for fotballsesongen er bindande, og det er viktig at påmelding skjer innan fristane, då desse dannar grunnlag for påmelding av lag til seriespel sesongen 2023. Det er også viktig at medlemsskap/treningsavgift blir betalt innan fristane på faktura som vert tilsendt per e-post via minidrett.no etter påmelding.

I løpet av våren, vil alle som er påmeldt fotballsesongen 2023 få tilsendt eigen e-post med høve til å melde inn ønskje for dugnadsarbeid og dugnad under Lerum Cup 2023. Dei som er påmeldt fotballsesongen 2023, og som ikkje svarar på tilsende e-postar om dugnad, må betale fritak for dugnadsinnsats, eller blir sett opp på dugnad under Lerum Cup der det er behov.

Ved eventuelle spørsmål kan de kontakte medlemsansvarleg Erna Hamrum, e-post erna.hamrum@gmail.com el. tlf. 99 39 56 32 eller leiar Ove Midtbø, e-post ovemidtbo@hotmail.com el. tlf. 41 37 56 55.

Styret i Hafslo IL