Gratis medlemsskap i Hafslo IL for born og unge i 2023 sponsa av Luster Sparebank

Like før jul fekk vi ei gladmelding frå hovudsponsoren vår Luster Sparebank om at dei ville sponse medlemsskap for born og unge i idrettslaga dei er hovudsponsor for i 2023! Hafslo IL er svært takksame for dette, og ønskjer både eksisterande medlemer og eventuelle nye medlemer velkomne som medlemer i 2023!

Viktig praktisk informasjon:

Sjølv om medlemskapen er gratis for born og unge i alderen 0-18 år, er det likevel viktig at alle blir registrert som medlemer i medlemsregisteret. Alle som ønskjer å delta på aktivitetar i Hafslo IL i 2023 må derfor melde seg på ulike aktivitetar som vanleg via eigne påmeldingsskjema for dette. Påmeldingsskjema finn de på heimesida vår: https://hafslo-il.no/2022/12/pamelding-til-aktivitetar-i-regi-av-hafslo-il-sesongen-2023/

No i desse dagar vert det sendt ut faktura for medlemsskap for 2023 frå medlemsregisteret vårt. Alle registrerte medlemer per 31.12.2022 får tilsendt faktura. Dette gjeld også born og unge som er registrert med medlemsskap i 2022 og som skal ha gratis medlemsskap i 2023. Dette er automatisk utsende faktura frå medlemsregisteret ved registrering av medlemskapen, og vil vere på kr.0,- for 2023.

For dykk som er registrert med familiemedlemsskap, vil de få tilsendt ein faktura med «restbeløp» for 2023, der det er gjort frådrag for born og unge med gratis medlemsskap. Denne må betalast dersom foreldre og eldre søsken (over 20 år) framleis ønskjer å vere medlemer. Vi håpar sjølvsagt at både born og unge, eldre søsken over 20 år og foreldre framleis ønskjer å vere medlemer av Hafslo IL.

I tillegg til medlemsskap, må det også påreknast ei treningsavgift for ulike aktivitetar. Meir informasjon om treningsavgift finn de her: https://hafslo-il.no/treningsavgifter/ Endeleg storleik på treningsavgifta for 2023 vert fastsett av utvida styre på grunnlag av endeleg rekneskap 2022, men det er grunn til å tru at det ikkje vert store endringar frå 2022. Faktura for treningsavgift vert sendt ut til alle registrerte medlemer seinare.

Vi ønskjer både eksisterande og nye medlemer velkomne som medlemer i 2023, og skal gjere vårt beste for å legge til rette for mange flotte opplevingar og aktivitetar for medlemene våre det komande året. Takk igjen til Luster Sparebank for sponsing av gratis medlemsskap for born og unge i Hafslo IL (og andre idrettslag) i 2023. Vi håpar mange born og unge ønskjer å delta på aktivitetane våre også i år.

Dersom det er nokon som har spørsmål om medlemsskap 2023 og tilsendte faktura, er det fint om de sender ein e-post til leiar@hafslo-il.no eller tek kontakt med leiar Ove Midtbø på tlf. 41375655. Så finn vi ei løysing på eventuelle feil eller praktiske utfordringar knytt til medlemsregistrering for 2023!

Helsing Styret i Hafslo IL