Dugnadslister Hafslo IL Lerum Cup 2025 per 20.06.2025

Tusen takk til alle dugnadsheltane i bygda som bidreg med innsats i forkant av Lerum Cup 2025!

No er det berre fire dagar att til turneringa startar, og då håpar vi at ALLE er klare til å bidra både i kiosken, på parkering og i samband med overnatting på skulen og Hafslo Bedehus!

Dugnadslistene har hittil vore delt på interne grupper, og er justert så godt som mogleg i tråd med tilbakemeldingane vi har fått. Om du skal jobbe dugnad, er det fint om du søkjer opp gruppa «Dugnad Lerumcup 2025» på Facebook og ber om å bli medlem. I den gruppa, vert det lagt ut oppdatert informasjon og oppdateringar i dagane framover.

I lenkjene nedanfor finn de oppdaterte dugnadslister for kiosk, parkering og overnatting per 17.06.2025:

NB: Om nokon ikkje kan stille på oppsette vakter i dugnadslistene eller har spørsmål, så ta kontakt med følgjande personar så snart som mogleg:

Dugnad kiosk: Tonje Grønstad, tlf. 95764496

Dugnad Parkering: Jan Erik Røneid, tlf. 90658853

Dugnad Overnatting: Lars Olav Halleråker, tlf. 97592038

Så har vi behov for ein FELLESDUGNAD i Moane torsdag 19.juni kl.20, der vi treng hjelp til følgjande oppgåver:

Sette på plass mål på dei ulike banene og merke desse med nummer

Sette opp tre telt (Easy Up-telt lånt av Hafslo Bygdelag, så det går fort om vi er minst 6 personar)

Rydde bort 2 stk 3`ar baner

Vi treng 6-8 personar til fellesdugnaden torsdag 19.juni kl.20, og jobben er fort gjort om 6-8 personar kan stille! Ta kontakt med Ove Midtbø på tlf. 41375655 eller Messenger om de kan stille på fellesdugnaden på torsdag, slik at vi veit at vi har nok folk til dette!

Elles er det utruleg mange som står på kvar einaste dag denne veka, og vi er utruleg takksame for alle som bidreg på små og store måtar, og innsatsen til alle er utruleg viktig og heilt avgjerande for at vi kjem i mål til årets Lerum Cup!

Håpar alle er klare for ei kjekk helg, møter med godt humør og pågangsmot, og bidreg til å sette Lerum Cup, heile Sogn, særskilt Sogndal, Kaupanger, Gaupne, Leikanger og for vår del dugnadsbygda Hafslo på kartet enno ein gong!

Helsing Lerum Cup-nemnda i Hafslo IL