Fotballfest i Moane onsdag 10.september 2025 frå kl.17

Onsdag 10.september 2025 vert det FOTBALLFEST i Moane frå kl.17.

Kioskgruppa er i sving, og det vert gratis mat til alle i fotballfamilien i Hafslo IL, samarbeidslaga Hafslo/Bjørn/Fanaråk, dugnadsfolka og alle andre som møter!

Kl.18 er det lokaloppgjer mellom Hafslo J10 og IL Bjørn J10 på Hafslo stadion. I forkant av kampen vert det også ei markering av at vi endeleg har fått lysanlegg på plass på Hafslo stadion!

Velkomne til Moane og Hafslo stadion for ein kjekk fotballettermiddag/kveld førstkomande onsdag.

Helsing Fotballgruppa i Hafslo IL!