
Førre søndag 2.november arrangerte Hafslo IL årets Haustmarknad i Samfunnsbygget på Hafslo. Tusen takk til alle som møtte opp og bidrog til ein kjekk ettermiddag og støtta idrettslaget vårt!
Laurdagane i forkant var det stand på Spar Hafslo med lynlotteri, tippekonkurransar og loddsal. Søndag 2.november var det tradisjonell Haustmarknad i Samfunnsbygget på Hafslo frå kl.15, som starta med utdeling av velfortente premiar til dei spreke trimmarane som deltok i Hafslotrimmen 2025. Deretter vart det gjennomført sju åresal, lykkehjul og tippekonkurransar. Undervegs vart det servert gratis kaffi, drikke og kaker til alle. Haustmarknaden vart avslutta med trekning av 31 vinnarar på loddbøkene.



Gratulerer til alle vinnarane på loddbøkene, på åresalet, i lynlotteriet, tippekonkurransane og på lykkehjulet. Oversikt over alle vinnarane på loddbøkene finn de i lenkja nedanfor:
Vinnarane som ikkje var tilstades under trekninga i Samfunnsbygget på Hafslo søndag 2.november har allereie fått eller vil få overlevert gevinstane ved høve.
STOR takk til alle lokale bedrifter som også i år støtta arrangementet vårt med sponsing av gevinstar. Ekstra takk til hovudsponsorane våre Luster Sparebank, Intersport Sogndal og NTP Avery Dennison for bidraga gjennom året og under årets Haustmarknad. Nedanfor følgjer ei oversikt over alle bedriftene og bidragsytarar som har støtta oss i tillegg til hovudsponsorane våre under årets Haustmarknad (i tilfeldig rekkefølgje):
Sogn Skisenter, Luster Energi AS, Walaker Hotell, Kafe Marifjøra, Raaum Gard, Eikum Hotell, Hillestad Traktorservice, GT Bil AS, Lustraporten YX Hafslo, Toyota Sogn AS, Frydenbø Volvo/Opel, Sogn Synssenter, Joars Lokalmat, Restauranthuset Malin, SPAR Hafslo, Sport 1 Sportsbui, Pyramiden Senter, Lika, Apotek 1 Luster, Kafe Kvild, Frisøren Oddrun Høyheim, Coop Byggmix Gaupne, Bestebakken, Bohus Sogn, Kvam Guiding og Service, Gosh PGP AS, NVRLND, Felleskjøpet Sogndal, Apotek 1 Sjøkanten, Brødrene Lomheim AS, Coop Extra Sjøkanten, Josvanger Elektro, Holene Transport, Lerum AS, Circle K Sogndal, Europris Sogndal, Luster Tannklinikk, Familien Hår og Skjønnheit, Lillys Frisørsalong, Arne Kvalen, Sogndal Fotball, Sogn Entreprenør AS (Drevdal), Vite Meir, Lux House, XL Bygg Hundere, Statkraft, LMI, Elkjøp Sogn, Luster Treningssenter, Sogndal Kulturhus, Holen Installasjon, Luster Nærradio, Hafslovatnet Grunneigarlag, Pyramiden Blomster, Lustrabadet, Iteam Gaupne, Hofslundsengen Trafikkskule, Hans Nes Bygg AS, Digital Etikett, Narvesen MIX Sogndal, Pryd og Brukskunst, Are Treindustri Jatak, Røyrleggjarservice AS, Bremerfjøsen, Eik Senteret AS, Det gule huset, Rusta Sogndal, Nes Gard, Luster Fjordspa, Sy- og strikkebui, Trixie Frisør, Eplet, Espeland varme og flis, Sogningen Storsenter, Sogn Sparebank, Øvrebø Fargehandel, Jysk, Møbelringen, Pizzabakeren, Hafslo Bilsenter Stolpen, Sogn Avis, Tørvis hotel, Quality Sogndal Hotell, Amble Gård, Fjordglas, NFF Sogn og Fjordane, Tess, Luster Trelastlager, Lustrabui, Bøtun gard, Shell Sogndal, Sogn Elektro.
NB: Vi håpar vi har fått med alle bedrifter og personar som har støtta oss i oversikta ovanfor. Om nokon skulle mangle ber vi om at de kontaktar leiar Ove Midtbø på tlf. 41375655 slik at vi kan rette opp i dette.
Vi vil også takke alle særgruppene, tillitsvalde, foreldre, utøvarar og alle andre som har bidrege med dugnad i forkant, under og i etterkant av Hafslo IL sin Haustmarknad 2025! Hafslo IL har ein fantastisk flott dugnadsgjeng! Årets Haustmarknad har gitt oss flotte inntekter som vi kan bruke til vidare drift, sosiale møtestader og organisering av varierte aktivitetar for medlemene våre også i åra som kjem.
Marknadsnemnda i Hafslo IL


