
Det nærmar seg årsslutt, og vi kan sjå tilbake på nok eit flott år med stor og variert aktivitet i regi av Hafslo Idrettslag. Idrettslaget vil takke alle som har delteke på aktivitetar og alle som har bidrege på ulike måtar i 2025!
Vi ser fram til nok eit innhaldsrikt og aktivt år i 2026, og no er det mogleg å melde seg på aktivitetar for komande år. Hafslo IL håpar mange ønskjer å delta på ein eller fleire av aktivitetane våre også i 2026, og kryssar fingrane for at vi kan starte opp med vinteraktivitetar om kort tid. Følg med på Facebook-sida vår om aktivitetar framover.
Alle som skal vere med på aktivitetar i 2026 må melde seg på i eitt eller fleire av dei elektroniske skjemaene de finn lenkjer til nedanfor.
NB: Det er tre ulike påmeldingsskjema. Merk at det er eigne skjema for fotball miniputt/aldersbestemt og fotball senior menn og kvinner, og eige skjema for andre idrettsaktivitetar utanom fotball.
Fotball aldersbestemt og miniputt 2026 (jenter og gutar fødde 2008 – 2020)
Fotball senior sesongen 2026 (damer og herrer)
Andre idrettsaktivitetar 2026 (langrenn, alpint, friski, skihopp, barneidrett 6-12 år, småbarnstrim 0-5 år, handball, Idrett for Alle, basistrening, volleyball (vaksne), taekwondo 6-12 år, skicup/skikarusell).
Det er mogleg å melde seg på fleire aktivitetar, og vi ber om at alle melder seg på alle aktivitetane dei er med på. Ved deltaking på fleire aktivitetar, treng ein uansett å betale berre ei treningsavgift.
For å delta i aktivitetar i regi av Hafslo IL må følgjande vera oppfylt:
1. MEDLEMSSKAP I HAFSLO IDRETTSLAG. Kr.300 for enkeltmedlemsskap. Kr. 750 for familiemedlemsskap. Medlemsskap er ein føresetnad for å vera omfatta av forsikringar som trer inn i tilfelle skadar. Medlemsskap er også grunnlag for ulike støtteordningar og offentlege tilskot.
2. BETALE TRENINGS-/DELTAKARAVGIFT
Satsane for 2026 er slik:
0-9 år (født 2017 til 2026): Gratis
10-14 år (født 2012-2016): kr. 400
15-19 år (født 2007-2011): kr. 600
For vaksne frå 20 år og oppover finn de meir informasjon om treningsavgift her: https://hafslo-il.no/treningsavgifter/ Det er berre krav om ei trenings-/deltakaravgift uansett kor mange idrettar ein deltek i for Hafslo Idrettslag.
3. UTFØRE DUGNADSARBEID FOR HAFSLO IL (T.d. medlem av hovudstyret, medlem av særgruppe, medlem i foreldrelaget, trenar, lagleiar, loddsal, anna arbeid. Særgruppene har ulike dugnader i tillegg). Førespurnad om dugnad vert sendt ut ved behov gjennom året.
4. FOTBALL OG SKIGRUPPENE: ALLE FORELDRE TIL PÅMELDE DELTAKARAR OG SENIORSPELARAR MÅ UTFØRE 2 DUGNADSVAKTER I SAMBAND MED LERUM CUP (26.- 28.juni 2026). To vakter per familie dersom fleire born. Dette gjeld primært kiosk, overnatting eller parkering. Skjema for innmelding av dugnadsønskje vert sendt ut før turneringa. NB: Viktig at alle set av denne helga i kalendaren!
NB: Idrettslaget gjer merksam på ordninga med Luster Fritidsfond, der ein kan få økonomisk støtte til deltaking i fritidsaktivitetar: https://www.luster.kommune.no/tenester/kultur-fritid-og-friluftsliv/fritidsfond/
PÅMELDINGSFRIST: 15.JANUAR 2026. Fristen gjeld særleg for fotball, då påmeldinga dannar grunnlag for påmelding av lag sesongen 2026. Påmelding til andre aktivitetar kan skje fortløpande også etter fristen, etterkvart som aktivitetane startar opp.
Stadfesting og faktura for medlemsskap og treningsavgift vert sendt ut i løpet av januar 2026.
Det er viktig at alle som deltek i idrettsaktivitetar i Hafslo IL melder seg på dei ulike aktivitetane i skjemaene ovanfor, slik at vi får registrert medlemsskap med tanke på forsikringsdekning mm.
Når idrettslaget har registrert påmelding til ein eller fleire aktivitetar, får du etterkvart tilsendt eigen e-post frå leiar@hafslo-il.no med betalingsinformasjon om korleis du betalar faktura for medlemsskap og treningsavgift gjennom www.minidrett.no. Faktura for medlemsskap og treningsavgift kjem i ulike e-postar. Merk at e-postar blir sendt til den første registrerte e-postadressa som blir oppgitt ved påmelding!
Ved eventuelle spørsmål kan de kontakte medlemsansvarleg Erna Hamrum, e-post erna.hamrum@gmail.com el. tlf. 99 39 56 32.
Helsing styret i Hafslo IL