
Det vert årsmøte for Hafslo Idrettslag torsdag 12.februar 2026 kl.19. Årsmøtet vert som vanleg halde på Eikum Hotell. Enkel matservering.
Det vert ordinære årsmøtesaker som mellom anna godkjenning av årsmelding og rekneskap for 2025, budsjett 2026 og val av styremedlemer mm., jf. lov for Hafslo IL § 10. Andre saker som medlemene vil ha handsama på årsmøtet må sendast til hovudstyret seinast to veker før årsmøtet, det vil seie innan torsdag 29.januar 2026.
Saker kan meldast til styret på e-post til leiar@hafslo-il.no.
Saksliste, årsmelding for 2025 og andre aktuelle saksdokument vert gjort tilgjengelege for medlemene her på heimesida så snart dei er klare og seinast ei veke før årsmøtet.
Årsmøtet er ope for alle, men vi gjer merksam på at berre medlemer som har vore medlem i minst ein månad før årsmøtet har røysterett, jf. lov for Hafslo IL § 5, jf. NIFs lov § 2-5.
Følg også med på Facebook-sida vår for informasjon om årsmøtet framover.
Vel møtt til årsmøte for Hafslo IL på Eikum Hotell torsdag 12.februar 2026 kl.19!
Helsing hovudstyret i Hafslo IL