OPPSTART AKTIVITETAR I HAFSLO IL FRÅ OG MED VEKE 2 – 2026

Godt nyttår, og vi håpar alle har hatt ein flott juleferie. Vi er i gong med eit nytt år, og Hafslo IL ser fram til nok eit aktivt og flott år med stor aktivitet i regi av dei ulike særgruppene våre.

Idrettslaget har eit breitt og variert aktivitetstilbod gjennom heile året, og nedanfor har vi forsøkt å lage ei samla oversikt over alle aktivitetane som startar opp frå og med veke 2 og framover mot påske.

AKTIVITETAR I GYMSAL HAFSLO BARNE- OG UNGDOMSSKULE VEKE 2 TOM VEKE 13 – 2026

MÅNDAGAR

17.00-18.00: Håndball J10

18.00-19.00: Håndball 1.-4.klasse

19.00-20.00: Sirkeltrening frå 14 år og eldre (Bli med i FB-gruppa Grunntrening i gymsalen på Hafslo for oppdateringar og informasjon).

TYSDAGAR

17.00-18.00: Taekwondo 1.-4.klasse

18.00-19.30: Fotball G10

19.30-21.00: Volleyball frå 15 år og eldre (Bli med i FB-gruppa Volleyball Hafslo 2025 for oppdateringar og informasjon).

ONSDAGAR

17.30-18.30: Småbarnstrim for born i førskulealder

19.00-20.30: Herretrim

20.30-22.00: Hafslo innebandy

TORSDAGAR

17.30-18.30: Idrett for Alle (NB: Oddetalsveker 15.1, 29.1, 12.2, 26.2,12.3, 26.3. Bli med i FB-gruppa Idrett for alle- HIL for oppdateringar og informasjon)

17.30-18.30: Taekwondo 5.-7.klasse (NB: Partalsveker 8.1, 22.1, 5.2, 5.3, 19.3)

19.00-20.00: Grunntrening til musikk (NB: Berre oddetalsveker – oppstart 15.januar 2026. Bli med i FB-gruppa Grunntrening i gymsalen på Hafslo for oppdateringar og informasjon).

FREDAGAR

17.00-18.00: Tabata trening frå 14 år og eldre (NB: Berre partalsveker – oppstart 8.januar 2026. Bli med i FB-gruppa Grunntrening i gymsalen på Hafslo for oppdateringar og informasjon).

SØNDAGAR

16.30-18.00: Fotball G11

18.00-19.30: Fotball J11/12/13

20.00-21.30: Hafslo innebandy

Fullstendig oversikt over aktivitetane i gymsalen med kontaktpersonar og informasjon finn du i lenkja nedanfor:

SKIAKTIVITETAR SOGN SKISENTER

ONSDAGAR

18.00-19.00: Alpint og freeski 1.-2.klasse (oppstart 7.januar 2026)

18.00-19.30: Alpint og freeski 3.klasse og oppover (oppstart 7.januar 2026)

NB: Bli medlem i FB-gruppa Hafslo IL Alpint og freeski for oppdateringar.

TORSDAGAR

18.00-19.00: Langrennstrening (Oppstart torsdag 8.januar 2026. Når det er nok snø i hoppanlegget vert tida endra til kl.17.30-18.30).

18.30-19.30: Hoppleik i regi av hoppgruppa (Oppstart er avhengig av nok snø)

NB: Blir også på laurdagar eller søndagar etter vertilhøva. Fram til vinterferien blir hopp søndag frå kl.13.00 etter skikarusellen til Barneidrett. Bli med i eiga SPOND-gruppe for oppdatert informasjon om oppstart mm.

SØNDAGAR

12.00-13.00: Skikarusell i regi av Barneidrettsgruppa (Oppstart søndag 11.januar 2026).

NB: Bli medlem av FB-gruppa Barneidrettsgruppa Hafslo IL for oppdatert informasjon. Etter vinterferien vert truleg skikarusellen flytta til måndag ettermiddag.

TRIMSESONGEN 2025/2026

Vi minner også om Hafslotrimmen i regi av Trimgruppa som starta 1.oktober 2025 og vert avslutta 30.september 2026. Meld deg inn i Trimpoeng-appen og bli med og utforsk turgleda saman med vener og familie! Meir informasjon og trimskjema sesongen 2025/26 finn de i FB-gruppa Hafslo IL Trimgruppa.

Generelt om medlemsskap, treningsavgift og påmelding:

For å delta i aktivitetar i regi av Hafslo IL må ein vere medlem, og det er i tillegg treningsavgift for enkelte av aktivitetane. Vi ønskjer også at alle som deltek i aktivitetar (unntak for Grunntrening til musikk og Tabata trening) melder seg på ein eller fleire av aktivitetane. Meir informasjon finn de på heimesida vår via lenkja nedanfor:

PÅMELDING TIL AKTIVITETAR 2026

Hafslo IL håpar mange ønskjer å delta på aktivitetane våre også i 2026. Så vil vi prøve å oppdatere så godt vi kan via FB-sida vår framover om eventuelle endringar undervegs.

Hafslo IL vil takke alle trenarar, lagleiarar og tillitsvalde i dei ulike gruppene som står på og legg til rette for eit variert aktivitetstilbod i regi idrettslaget vårt. Takk også til alle dykk som deltek på aktivitetane våre.

Vi ønskjer alle eit aktivt og flott idrettsår i 2026!