Årsmøte Hafslo IL torsdag 12.februar 2026

Årsmøtet for Hafslo IL vart gjennomført på Eikum Hotell torsdag 12.februar 2026.

Årsmøtet starta med gjennomgang av årsmeldingane for 2025. Årsmeldingane syner at Hafslo IL har hatt stor aktivitet og breidde i aktivitetane gjennom året. Endeleg årsmelding for 2025 finn de her: Årsmelding Hafslo IL 2025

Rekneskapen for 2025 vart gjennomgått og kontrollutvalet la fram si beretning, der dei hadde ingen merknader. Godkjend årsrekneskap for 2025 finn de i lenkja nedanfor: Årsrekneskap Hafslo IL 2025. Kontrollutvalet si beretning finn de her.

Budsjett for 2025, organisasjonsplan 2026-2030 og sportsplan for fotballgruppa 2026-2029 vart også vedtekne i tråd med styret sine framlegg.

Ei sak som skapte stort engasjement, var oppdatering av anleggsplanen vår. Etter mange gode innspel og diskusjonar vart Anleggsplan Hafslo IL 2026 – 2031 med prioriteringar vedteken i tråd med styret sitt framlegg.

Siste ordinære sak var val 2025. Sidan vi ikkje har hatt valnemnd, har Erna Hamrum og Birthe Johanne Fredheim Finstad i styret, og gruppeleiarane, fungert som valnemnd. Erna la fram innstilling til val av medlemer i styret og dei ulike gruppene og nemndene. Alle vart valde i tråd med innstillinga.

Ove Midtbø vart attvald som leiar, og Tore Bø vart vald inn som ny 1.nestleiar i styret. Elles vart desse valde som medlemer i hovudstyret for 2026:

Erna Hamrum (2.nestleiar og medlemsansvarleg), Tonje Torgersen (kasserar), Styrk Andrè Hoflundsengen (styremedlem), Signe Gudveig Rauboti (styremedlem), Arthur Bremer Brynjulfsen (1.varamedlem) og Birthe Johanne Fredheim Finstad (2.varamedlem).

Desse vart valde som gruppeleiarar for dei ulike særgruppene i 2026 og dermed del av utvida styre:

Nils Petter Solheim (fotballgruppa), Lars Olav Halleråker (alpint- og friskigruppa), Benedikte Fløtra Grøteig (barneidrettsgruppa), Terje Brunborg (trimgruppa), Jon Ove Lomheim (hoppgruppa), Terje Fardal (langrennsgruppa), Monika Alvestad Reime (handballgruppa) og Tore Ørbeck (stadionstyret).

Mange fekk også velfortent merksemd og innsatskrus på årsmøtet for innsatsen både i 2025 og tidlegare år. Fullstendig oversikt over alle som fekk merksemd finn de i protokollen frå årsmøtet nedanfor.

Protokoll årsmøte Hafslo IL 12.februar 2026

Takk til Eikum Hotell for god service, tilrettelegging og servering som alltid!

Takk også til alle som møtte på årsmøtet, og gratulerer til alle som fekk velfortent innsatskrus og merksemd.

Vi ser fram til nok eit flott, aktivt og innhaldsrikt år for Hafslo IL i 2026.

Styret i Hafslo IL