
No kan du melde deg på Tine Fotballskule Hafslo 2026. Fotballskulen vert arrangert i Moane på Hafslo fredag 11. september til søndag 13. september 2026. Øktene vert slik:
Fredag 11.september: kl. 1730-20
Laurdag 12.september: kl. 10-14
Søndag 13. september: kl. 10-13
Fotballskulen er for jenter og gutar i alderen 6 – 12 år. Deltakaravgift er kr. 300 per deltakar. Dette inkluderer Tine t-skjorte, Tine – sekk og alle deltakarar får ein fotball. I tillegg får alle Tine-melk og frukt kvar dag.
Påmelding via skjemaet nedanfor innan 31. august 2026. NB: Hugs å opplyse om alder og kontaktinformasjon til minst ein foresatt ved påmelding.
PÅMELDING TINE FOTBALLSKULE HAFSLO 2026
Deltakaravgifta kan innbetalast til Hafslo IL sin konto 3785.07.20062 eller via Hafslo IL sin VIPPS-konto 114316.
Minner også om ordninga med Luster Fritidsfond der ein eventuelt kan søkje om å få dekt deltakaravgifta: Luster Fritidsfond
Vi håpar mange ønskjer å bli med på ei flott fotballhelg i Moane på Hafslo i september!


