Loppecup 2020 – lag og kampoppsett

Lag og kampoppsettet for Loppecupen i Samfunnsbygget på Hafslo laurdag 7.mars er no klart. Oppsettet finn de i lenkja nedanfor.

Det er 32 påmelde gutar og jenter frå 1. til 6.klasse. Kampane startar kl.1030, og siste kamp er ferdig ca kl.1440.

Påmelde deltakarar må møte for registrering seinast kl.1015.

Det blir 21 flotte fotballkampar med fart og spenning i Samfunnsbygget på Hafslo laurdag 7.mars. I tillegg til fotball, blir det også loppemarknad, lynlotteri og Bygdakafè.

Håpar mange tek turen til Samfunnsbygget laurdag 7.mars og støttar arrangementet til 7.klasse på Hafslo Barne- og ungdomsskule.