Medlemsskap 2020

Vi er i gong med eit nytt år, og no i januar det sendt ut e-postar til alle registrerte medlemer med informasjon om korleis du betalar medlemskontigenten for 2020. Dette skjer som tidlegare gjennom det elektroniske medlemsregisteret i Min idrett, www.minidrett.no. Alle registrerte medlemer får tilsendt ein e-post frå leiar@hafslo-il.no. Continue reading Medlemsskap 2020

Årsmøte Hafslo Idrettslag torsdag 13.februar 2020

Det vert årsmøte for Hafslo Idrettslag for 2019 torsdag 13.februar 2020 kl.19. Årsmøtet vert som vanleg halde på Eikum Hotell. Vanlege årsmøtesaker. Saker som medlemene vil ha handsama på årsmøtet må vera kome styret i hende seinast to veker før årsmøtet, det vil seie innan torsdag 30.januar 2020. Årsmelding for 2019 med saksdokument Continue reading Årsmøte Hafslo Idrettslag torsdag 13.februar 2020

SSF Cup Skicross på Heggmyrane søndag 12.januar

Skisesongen er i gong, og Langrennsgruppa i Hafslo IL arrangerte søndag 12.januar 2020 SSF Cup i Skicross på Heggmyrane. Dette var tiårets og årets første arrangement i regi av idrettslaget, og Langrennsgruppa sørga for nok eit flott arrangement. 43 deltakarar i alderen 8 til 16 år deltok i dagens skirenn, Continue reading SSF Cup Skicross på Heggmyrane søndag 12.januar

Intersport Sogndal med ny kampanje på Hafslo IL – dunjakke

Klubbsponsoren vår Intersport Sogndal startar det nye året med ny kampanje og klubbpris på Umbro – Core Down Jacket (sjå bilete). Det er mange av medlemene våre som allereie har sikra seg den flotte klubbjakka, og det er fleire som har etterspurt ny kampanje. No får alle medlemene våre eit Continue reading Intersport Sogndal med ny kampanje på Hafslo IL – dunjakke

Barneidrett vinter 2020

Vintersesongen er i gong, og Barneidrettsgruppa har sett opp eit innhaldsrikt program, sjå lenkje til vinterprogrammet nedanfor. Onsdagar vert det skicup som vanleg, og oppstart er onsdag 15.januar 2020 kl.17.15-18.00. Det vert registrering frå kl 17.15-18.00. Startkontingent er kr. 50,- for kvart born som deltek. Kontigenten kan betalast kontant som før ved Continue reading Barneidrett vinter 2020

Sportsplanen for Fotballgruppa skal reviderast

Sportsplanen for Fotballgruppa i Hafslo IL skal reviderast, og Fotballgruppa ønskjer innspel til ny Sportsplan for 2020-2022. Gjeldande sportsplan finn de i lenkja nedanfor, og alle medlemer i Hafslo IL vert oppmoda om å kome med innspel til endringar. Føremålet med Sportsplanen er å vere eit styringsverktøy for Fotballgruppa. Den skal Continue reading Sportsplanen for Fotballgruppa skal reviderast

Supersøndag på Hafslo med fotballkamp og Haustmarknad søndag 3.november 2019

Søndag 3.november er det klart for supersøndag på Hafslo med både fotballkamp og Hafslo IL sin Haustmarknad. Hafslo J13/14 har hatt ein flott sesong, og som puljevinnarar etter haustsesongen, skal jentene spele KM-sluttspelkamp mot Eid IL J13/14 på kunstgrasbana kl.13 i morgon. Det blir spanande! Kl.15 startar årets Haustmarknad i Continue reading Supersøndag på Hafslo med fotballkamp og Haustmarknad søndag 3.november 2019