Årsmøte for Hafslo IL torsdag 29.februar 2024

Det vert årsmøte for Hafslo Idrettslag for 2023 torsdag 29.februar 2024 kl.19.

Årsmøtet vert som vanleg halde på Eikum Hotell.

Det vert vanlege årsmøtesaker. Førebels saksliste og årsmelding for 2023 finn de i lenkjene nedanfor:

Andre saker som medlemene vil ha handsama på årsmøtet må vera kome styret i hende seinast to veker før årsmøtet, det vil seie innan torsdag 15.februar 2024.

Saker kan meldast til styret på e-post til leiar@hafslo-il.no.

Årets årsmelding vert berre tilgjengeleg digitalt. Vi kjem til å trykke opp nokre papireksemplar til årsmøtet, men oppmodar alle om å ordne papirutskrift sjølve om de ønskjer det.

Berre medlemer har røysterett, og du må ha vore medlem i minst ein månad før årsmøtet, jf. lov for Hafslo IL § 5, jf. NIFs lov § 2-5.

Aktuelle og oppdaterte saksdokument vert gjort tilgjengelege for medlemene her på heimesida så snart dei er klare og seinast ei veke før årsmøtet. Følg også med på Facebook-sida vår for informasjon om årsmøtet framover.

Vel møtt til årsmøte for Hafslo IL på Eikum Hotell torsdag 29.februar 2024 kl.19!

Helsing

Hovudstyret i Hafslo IL