Medlemsskap i Hafslo idrettslag

Velkommen som medlem i Hafslo idrettslag!

Hafslo idrettslag har mange tilbod til medlemmane gjennom heile året. Tilboda følgjer årstidene og tradisjonane i laget.
Særgruppene har treningar og konkurransar i alpint, langrenn, hopp, orientering og fotball.
Barneidretten er organisert med øvingar i mange ulike idrettar i fleire miljø både innandørs og utandørs fordelt over skuleåret.
Trimgruppa har fleire sjølvbetjente tilbod i tillegg til idrettsmerketaking og skicuprenn for heile familien. Det er og tilbod om div trim for vaksne i gymsalen.

Hafslo idrettslag har svært låge trenings- og medlemsavgifter. Grunntanken til idrettslaget er at prisen ikkje skal diskvalifisera nokon frå å vera med på aktivitetar.

For å finansiera tilboda, er idrettslaget avhengig av fleire faktorar:

Gode og stabile sponsorar
Fleire lokale bedrifter sponsar laget i ulike samanhengar, t.d. med reklameskilt på idrettsanlegget i Moane. Luster sparebank er hovudsponsor

Medlemmar
Talet på medlemmar påverkar tilskot frå Luster kommune og Norges idrettsforbund. Dei kommunale tilskota og tilgangen til rimelege treningsanlegg er svært viktig for laget.

Dugnad
Aktivitet i særgruppene er avhengig av bidrag m.a. frå foreldre og ressurspersonar for kvar idrett.
Hafslo idrettslag er samarbeidspartnar med Sogndal fotball ved arrangering av Lerum cup. Inntekta frå dugnadsarbeidet på denne fotballturneringa gjer at laget kan halda prisen på medlemsskap og treningsavgifter på eit svært rimeleg nivå. Det er forventa at aktive frå alle grupper er med og bidreg denne helga.

Medlemskap i Hafslo idrettslag

Alle som deltek på aktivitetar i idrettslaget, skal betala medlemsavgift. Dette er forutsetjing for å vera omfatta av forsikringar som trer inn i tilfelle skader. Medlemsskapet er og grunnlag for støtte og tilskot frå Luster kommune og idrettskretsen

Som medlem får du rabatt på kjøp av varer på Intersport i Sogndal. Meir informasjon om kva produkt dette gjeld finn du på heimesida vår.

Idrettsforbundet krev no digital medlemsregistrering.  Hafslo idrettslag må derfor leggja om medlemsverving og medlemsregistrering. For å legga inn medlemmar i registeret treng me informasjon som vist i nedanfor:

Fullt namn
Adresse
Fødselsdata
(Gjeld alle)
Epostadresse
Når det gjeld familiemedlemsskap, kan ein velja å ha ei felles epostadresse for alle i familien
Telefonnummer Type medlemsskap
(familiemedlemsskap,  einskild eller pensjonist)
Døme
Per Persen
Liavegen 2
6869 Hafslo
13.12.1964 Per.persen@online.no 57682222
98989898
Einskildmedlem

Send informasjon vedr  medlemsregistreringa til: erna.hamrum@sfj.no
eller i brev til : Erna Hamrum, Klokkesteinvegen 47, 6869 Hafslo,  snarast.  

Etter at medlemsskapet er lagt inn i registeret, vil det bli sendt innbetalingskrav på epost (eller i brev til dei som ikkje har epost). Hugs å ta bilete eller utskrift frå betalinga, då dette inntil vidare er prov på betalt medlemsskap ved kjøp på Intersport i Sogndal.

Pris for medlemsskap:

Kr 200 for einskildmedlem

Kr 600 for husstandsmedlemsskap

Kr 100 for pensjonistar