Medlemsskap i Hafslo Idrettslag

Velkomen som medlem i Hafslo Idrettslag!

Hafslo idrettslag har mange tilbod til medlemane gjennom heile året. Tilboda følgjer årstidene og tradisjonane i laget.
Særgruppene har treningar og konkurransar i alpint, langrenn, hopp, handball, orientering og fotball.
Barneidretten er organisert med øvingar i mange ulike idrettar i fleire miljø både innandørs og utandørs fordelt over året. Barneidrettsgruppa samarbeider med dei andre særgruppene, og i vintersesongen har Barneidrettsgruppa hovudansvar for skicuprenn (onsdagscupen) i samarbeid med langrennsgruppa.
Trimgruppa har fleire sjølvbetjente tilbod som Trimmian og trimsesong med trimbøker på mange flotte turalternativ i nærområdet. Trimgruppa arrangerer også idrettsmerketaking og samarbeider med Barneidrettsgruppa om ulike aktivitetstilbod som friidrett mm. Trimgruppa har også eit tilbod for medlemer med nedsett funksjonsevne gjennom Idrett for alle.

Hafslo Idrettslag har  låge trenings- og medlemsavgifter. Grunntanken til idrettslaget er at prisen ikkje skal diskvalifisera nokon frå å vera med på aktivitetar.

Gode og stabile sponsorar
For å finansiera tilboda, er idrettslaget avhengig av fleire faktorar. Luster Sparebank er hovudsponsor, og vi har også sponsoravtalar med NTP Avery Dennison og Intersport Sogndal. Lokale bedrifter sponsar laget i ulike samanhengar, t.d. med reklameskilt på idrettsanlegget i Moane.

Medlemar
Talet på medlemar påverkar tilskot frå Luster kommune og Norges Idrettsforbund. Dei kommunale tilskota og tilgangen til rimelege treningsanlegg er svært viktig for laget.

Dugnad
Aktivitet i særgruppene er avhengig av dugnadsbidrag mellom anna frå foreldre og ressurspersonar innanfor dei ulike idrettsgreinene
Hafslo Idrettslag er samarbeidspartnar med Sogndal Fotball ved arrangering av Lerum Cup. Inntekta frå dugnadsarbeidet på denne fotballturneringa er viktig for at idrettslaget kan halde prisen på medlemsskap og treningsavgifter på eit rimeleg nivå. Det er forventa at aktive frå alle særgrupper er med og bidreg med dugnad under Lerum Cup-helga.

Medlemsskap i Hafslo Idrettslag

Alle som deltek på aktivitetar i idrettslaget, skal betala medlemsavgift. Dette er ein føresetnad for å vera omfatta av forsikringar som trer inn i tilfelle skadar. Medlemsskap er og grunnlag for støtte og tilskot frå Luster kommune og idrettskretsen.

Som medlem får du rabatt på kjøp av varer på Intersport i Sogndal. Meir informasjon om kva produkt dette gjeld finn du på heimesida vår.

Idrettsforbundet krev digital medlemsregistrering.  Du kan melda deg inn ved å gå inn på minidrett.no. NB: Nye medlemer må opprette ny profil under «Ny brukar» i minidrett.no, sjå skjermklipp nedanfor.

Etter at medlemsskap er lagt inn i registeret, vil det bli sendt krav om betaling på epost via minidrett.no.  Du kan ta utskrift eller lagre medlemskort etter betaling av medlemskap frå minidrett.no. Dette vil vere prov på  medlemsskap i Hafslo IL ved kjøp på Intersport i Sogndal.

NB: Dersom du ikkje får betalt medlemsskap via minidrett.no, kan du ta kontakt med medlemsansvarleg Erna Hamrum per e-post erna.hamrum@gmail.com.

Pris for medlemsskap i Hafslo IL:

Kr 300 for einskildmedlem

Kr 750 for husstandsmedlemsskap (ungdom er omfatta tom 19 år)

Kr 100 for pensjonistar