Årsmøtet for Hafslo IL torsdag 29.februar 2024

Årsmøtet for Hafslo IL for 2023 vart avvikla på Eikum Hotell torsdag 29.februar 2024.

Styret vil takke alle som møtte og særskilt takk til Eikum Hotell som sørga for god tilrettelegging og matservering som alltid.

Årsmøtet handsama vanlege årsmøtesaker, i tillegg til tre innmelde saker. Nedanfor finn de lenkjer til endeleg årsmelding, årsrekneskap 2023, protokoll frå årsmøtet mm.

Innsatskrus og andre utmerkingar for 2023

Det er mange som fortener ein stor takk for innsatsen for Hafslo IL i 2023. 

På årsmøtet fekk Hafslo-jenta Anna Grindhaug ei ekstra merksemd frå Fotballgruppa for den flotte innsatsen for Sogndal FK Damer og aldersbestemte landslag i 2023. Vi ønskjer Anna masse lukke til vidare med fotballkarriera.

Vi gratulerer alle som fekk velfortent innsatskrus og anna merksemd på årsmøtet. Oversikt over alle som fekk innsatskrus og merksemd går fram av vedlegg til protokollen som de finn lenkje til mot slutten av dette innlegget. Styret vil elles rette ein stor takk til alle som har bidrege på ulike måtar for Hafslo IL i 2023.

Val av tillitsvalde Hafslo IL i 2024

Styret vil takke alle som har takka ja til å vere tillitsvalde i styret og særgruppene i 2024, og ikkje minst særskilt takk til alle dykk som vart valde som nye tillitsvalde.

Oversikt over alle som vart valde som medlemer til hovudstyret, grupper, nemnder og utval, går fram av vedlegg til protokollen som de finn lenkje til mot slutten av dette innlegget.

Saker handsama på årsmøtet 29.februar 2024

Årsmelding 2023:

Styret og gruppene presenterte årsmeldingane for sine grupper. Samla årsmelding for 2023 vart godkjent med nokre mindre korrigeringar etter innspela på årsmøtet.

Rekneskap 2023:

Kontrollutvalet består av Gerd Westby og Hermann Odd Stein. Begge deltok på årsmøtet, og sistnemnde la fram kontrollutvalet si vurdering av rekneskapen og drifta til Hafslo IL for 2023 på årsmøtet. Konklusjonen var: Ingen merknader, og tilrådde årsmøtet å godkjenne rekneskapen for 2023.

Rekneskapen vart godkjent utan merknader på årsmøtet. Lenkje til godkjent årsrekneskap for 2023 og kontrollutvalet si melding finn de nedanfor.

Takk til Gerd og Hermann Odd for den gode og grundige jobben dei gjer med å kontrollere rekneskapen vår. Takk også til Sogn Rekneskapskontor v/Laila Røneid for godt samarbeid med føring av rekneskapen også i 2023.

Innmelde saker:

Det var tre innmelde saker til årsmøtet:

Sak 11 a: Oppdatere Hafslo IL sin anleggsplan 2023-2027 etter ekstraordinært årsmøte Hafslo IL 03.01.2024

Sak 11 b: Samarbeid med Botn Vel om realisering av pumptrack på område sett av til leikeplass i reguleringsplanen

Sak 11 c: Handsame organisasjonsplanen til Hafslo IL

Etter gode diskusjonar på årsmøtet vart sakene stort sett vedtekne i tråd med styret sine framlegg på årsmøtet. Endelege vedtak i sakene går fram av protokollen frå årsmøtet i lenkja nedanfor.

Styret vil takke alle sponsorane våre, medlemene, tillitsvalde, utøvarar, trenarar, dugnadsfolka og alle andre som har vore aktive og støtta Hafslo Idrettslag i 2023.

I 2024 er det 90 år sidan Hafslo IL vart skipa. Vi ser fram til eit nytt aktivt og innhaldsrikt år for idrettslaget i det komande jubileumsåret!

Hovudstyret i Hafslo IL