GOD JUL OG GODT NYTTÅR!

Hafslo IL har snart lagt bak seg nok eit år med stor aktivitet av dei supre aktive utøvarane våre og alle dykk frivillege tillitsvalde, trenarar og foreldre. Vi er særskilt imponert over alle born og unge som gir alt når de møter på aktivitetar i regi av idrettslaget vårt gjennom året. Det er fantastisk flott at vi har so mange med på dei ulike aktivitetane våre og vi tek gjerne i mot fleire.

Hafslo IL er ein breiddeidrettsklubb der målet er å gje alle eit aktivitetstilbod og legge til rette for sosiale møteplassar for alle. Våre aktivitetar skal vere prega av samhald og positive opplevingar for dei som deltek, og vi er skikkeleg stolte av alle dykk alle som er med på aktivitet uavhengig av alder, ferdigheitsnivå og funksjonsnivå. Utan dykk som stiller opp på aktivitetar i regi av idrettslaget vårt, hadde vi ikkje hatt noko idrettslag.

So vil vi rette ein utruleg stor takk til alle tillitsvalde, trenarar og foreldre som legg ned ein enorm frivilleg innsats for å halde aktiviteten i gong i dei ulike gruppene gjennom året.

Når det gjeld dugnadsinnsats er alle dykk som stiller opp som frivillege på dei ulike arrangementa våre heilt fantastiske. Årets innsats under Lerum Cup 2023 har bidrege til eit flott overskot for Hafslo IL i 2023, og gjer at vi kan halde fram med stor aktivitet med låge deltakarutgifter og utvikling av anlegg i åra som kjem. Særskilt takk til alle nøkkelpersonane som var med på og organisere det heile, og til alle dykk som stilte opp på dugnad i samband med arrangementet. De veit alle kven som var med og bidrog, og vi håpar alle som var med i år, og gjerne fleire, ønskjer å stille opp på dugnad i samband med Lerum Cup også neste år.

Vi satsar på å få til ei samling for alle dugnadsfolka etter påske i 2024, og meir informasjon om dette kjem etterkvart. Vi må også takke Sogndal Fotball og dei andre samarbeidsklubbane for flott samarbeid om Lerum Cup 2023 som vart veldig vellukka.

Haustmarknaden vår i 2023 gav også ei flott inntekt. Tusen takk til alle som støtta oss med gevinstar, alle som bidrog med dugnadsinnsats før og i samband med marknadshelga, og til alle dykk som kjøpte lodd og møtte opp på marknadssøndagen 5.november.

Idrett for Alle er eit unikt aktivitetstilbod i regi av Trimgruppa i Hafslo IL. Eige inlegg om Idrett for Alle, som vi er utruleg stolte av, kjem på FB-sida vår i morgon!

Styret vil også takke sponsorane våre Luster Sparebank, NTP Avery Dennison og Intersport Sogndal for økonomisk støtte og samarbeidet i 2023! Særskilt vil vi takke hovudsponsoren vår Luster Sparebank, som i tillegg til eit flott grunntilskot kvart år, gav ei julegåve i desember 2022 som sikra gratis medlemsskap for alle born og unge i Hafslo IL 2023. Gåva i 2022 var på kr.200.000, og denne sørger også for at Hafslo IL kan tilby gratis medlemssskap og fritak for treningsavgift for born og unge 0-19 år også i 2024. Tusen takk, Luster Sparebank!

Vi vil også takke naboklubbane våre både i Luster kommune og nabokommunane for godt samarbeid i 2023!

Årsmøtet for 2023 vert 29.februar 2024 kl.19 på Eikum Hotell. Då kjem det meir detaljar om året 2023 for Hafslo IL, merksemd til mange som har bidrege mm.

Hafslo IL ønskjer alle våre medlemer, tillitsvalde, foreldre, sponsorar og alle andre støttespelarar og samarbeidspartar ei riktig GOD JUL og GODT NYTTÅR! Vi ser fram til nok eit aktivt og innhaldsrikt år for Hafslo IL i 2024!

Julehelsing frå,

Ove, Erna, Birthe Johanne, Anne, Styrk Andrè, Sondre, Anna Maria og Peder Olai i hovudstyret i Hafslo IL!