PÅMELDING FOTBALL SENIOR 2018

 

Her melder du deg på til fotball senior Hafslo IL.

For å spela seniorfotball for Hafslo idrettslag må følgjande vera oppfylt:

1. Medlemskap i Hafslo Idrettslag (kr.200 for einskildmedlem/kr.600 for husstandsfellesskap).
2.Betale treningsavgift til idrettslaget. Treningsavgift for senior damer er kr.600 / senior herrer kr.1000. 
3. Jobba 2 dugnadsvakter på Lerum cup (23.juni - 25.juni 2018 OBS! laurdag - måndag) eller betale 1 500 kr for fritak for dugnad på Lerum cup. 

Du får eigen e-post med lenkje til faktura for medlemsskap og treningsavgift gjennom minidrett.no til opplyst e-postadresse. NB: Det er viktig at medlemsskap/treningsavgift blir betalt innan fristen på fakturaen, då påmeldinga dannar grunnlag for påmelding av lag i seriespel sesongen 2018. Det blir ikkje meldt på lag i seniorklassane dersom ikkje  tilstrekkeleg tal spelarar har betalt medlemsskap/treningsavgift innan 1.februar 2018!

Du får tilsendt eigen e-post til opplyst e-postadresse der du melder inn ønskje for dugnad under Lerum Cup 2018, jf. punkt 3 ovanfor.