Hoppskule

Torsdag  8. januar 2015  starta vi hoppskule (trening med instruksjon) for denne vinteren i Kvamsbakkane.  Dette er for alle klassar i grunnskulen slik som tidlegare år (men yngre og eldre interesserte er også velkomne).

Hoppskulen held fram kvar måndag kl. 18.00 og varer 1-1,5 time etter kor lenge deltakarane har lyst (andre kveldar etter avtale) .

Vi har mange bakkestorleikar frå 5 meter og oppover. I hoppskulen konsentrerer vi oss i ”minstebakken” med 5, 10 og 18 meter.

Det viktigaste er at utøvarane (både jenter og gutar) får prøve seg i bakkestorleikar ein meistrar (føler seg trygg i) og synest det er kjekt.  Ein kan bruke det skiutstyret ein ønskjer, men idrettslaget disponerer ein god del hopputstyr (ski og sko) som vert lånt ut til interesserte. Dersom det er nokon heime som har utstyr for hopp  og utstyret ikkje er i bruk, så håpar me få det levert til bruk for andre.

Vi har skitrekk og det kan bli mange hopp i løpet av kvelden, men skitrekket her er «litt krevjande» å ta for dei minste utan ”vaksenhjelp”.

I pausar får alle hopparane varm saft frå Lerums.

Me håpar elles å få til noko «tilrettelagte» minihoppbakkar på Heggmyrane med muleg instruksjonshjelp på onsdagar i samband med «onsdagscup» (langrenn) og anna trening.  Også enkeltrenn med lengemåling på laurdag vurderast.

Meir informasjon vil du få i bakken eller ringja  971 98502  (Per Birger) og 917 21076  (Jon Ove).

Hafslo skal vera med å arrangere 4 SFE-cuprenn (rekrutteringsrenn med lengedmåling utan stildømming) med premie til alle. Det første SFE-cuprennet var i Kvamsbakkane laurdag 10.janua. Info om SFE-cup på Kaupanger og i Hafslo seinare for dei som vil vera med her.

Helsing – Hoppgruppa
v/ Jon Ove