Sluttspelet i KM innandørs blir avvikla på Sandane denne helga. I går laurdag 7.mars 2015 gjekk Hafslo J13 heilt til finalen i si klasse. Trass finaletap mot Eid, er det likevel ein stor prestasjon å kome på andreplass i KM. Fotballgruppa gratulerer jentene og trenar Jan Tore med imponerande innsats i årets KM-innandørs!
Idag søndag 8.mars skal Hafslo J14 og samarbeidslaget Kaupanger/Hafslo G16 i aksjon. Vi er spente på korleis det går, og ønskjer begge laga lukke til!
Resultatoppdatering frå sluttspelkampane finn de ved å følgje denne lenkja: http://www.fotball.no/Kretser/sogn_og_fjordane/Seriesaker/2015/SSF-KM-aldersbestemt-innandors-20151/