Fotballgruppa har laga retningsliner for kampvertrolla. Denne skal nyttast i kampar i aldersbestemt og miniputtane sitt seriespel.
Kampvert for Hafslo il.
Korleis skal vi arrangere heimekamper. Kva vi må og kan gjere.
Denne instruksen skal vere retningsgivande for korleis vi som arrangør av heimekampar i fotball, miniputt og aldersbestemt, skal gjennomføre kampen. Det er heimelaget sitt ansvar å syte for at kampen blir gjennomført etter fotballkretsen sine krav, både sjølve kampen og tilhøva rundt kampen.
Fotballgruppa vil at vi avviklar heimekampane våre slik at alle spelarar, trenarar, dommarar, foreldre og tilskodarar synast at «Det er kjekt å vere på fotballkamp på Hafslo». Gjer stas på heime- og bortelag, vis at vi ønskjer å gi ungane gode opplevingar i fotballen.
Der det ikkje står «skal» så tyder det at vi kan velje. Ei oppmoding er ei oppmoding, ikkje eit krav.
Vi skal ha ein kampvert på kva heimekamp. Kampverten har ansvar for tilhøve i sjølve kampen og tilhøve rundt kampen. Korleis dei ulike laga løyser kampvertrolla legg ikkje fotballstyret føringar for. Kampverten er ein del av fotballforbundet og kretsen si satsing på Fair Play.
Bruk vest: Kampverten skal vere synleg, og vi har eigna vestar som skal nyttast av kampvert.
Frå fotballforbundet(http://www.fotball.no/nff/Fair-Play/2014/Kampvert) . Kampverten sine oppgåver
Før kampen: Sørge for at garderober, bane og mål er i orden. Ønske velkommen begge lag og dommer. Oppfordre til at tilskuere plasseres på motsatt side av lagene og står godt utenfor sidelinjen. Bistå hjemmelagets trener i å avholde Fair play-møtet Bistå i å organisere Fair play-hilsen før kampstart Ha telefon for å ringe 113 eller legevakt.Under kampen Støtte dommeren og påse at reaksjoner mot dommer er innen rimelighetens grenser. Prate med dommer i pausen. Oppfordre til gode og positive tilrop fra foreldre, og ta kontakt hvis det går over streken. Påse at alle tilskuere oppholder seg to meter unna sidelinjen Oppfordre til positivitet fra trenere/lagledere både mot spillere og dommer. Etter kampen |
Nokre Skal-punkt:
Fair play: Skal (om det vert naudsynt) hjelpe til med å gjennomføre Fair-play-møtet mellom dommar og lagleiarar, som skal vere før kvar kamp, sjå link nedst.
Kampvert skal gripe inn dersom det oppstår nedsetjande roping, ukvemsord, aggressiv åtferd eller anna uheldig åtferd frå trenarar og tilskodarar. Kampvert skal hjelpe dommar (om det vert naudsynt, særleg ved urutinerte dommarar) å løyse situasjonar som måtte skje på eller rundt bana, anten det er mellom spelarar eller vaksne.
Gjere klar bane: Fotballgruppa har ansvar for å utarbeide mal for kvar ulike banar skal merkast, og med kva farge merkinga skal ha. Malen heng i utstyrsbod og i klubbhus. Kampvert skal bruke malen. Sjekke at mål og bane er klar.
Garderobe: Vi skal gjere klar garderobe til lag og dommar.
Rydde og låse: Rydde baneområdet, kioskområde, og garderobar etter kamp. Låse garderobar, utstyrsbod og klubbhus.
Nokre Bør-punkt:
Kontakte motstandar og dommar: Det er lurt å kontakte dommar og motstandarlag seinast dagen før, for å sjekke at dei er klare og for evt ha tid til å gjere endringar.
Plakat i sentrum: Det er stas å ha plakat i sentrum om at vi har kamp i dag. (Hugs å ta han ned att på tur heim etter kamp.)
Frukt: Vi oppmodar om å servere frukt til heime- og bortelag. Kjøpast på Spar (ikkje betal, med signer og skriv på bok), skjer opp, og server.
Flagg: Heng opp flagg på heimekampane. Norsk flagg, HIL-flagg og Fair-play-flagg. Vi har dei – bruk dei! Ta dei ned etterpå.
Kiosk: Vi oppmodar om å ha kiosk under heimekampane. Sel sunn og god mat og drikke, i tråd med sunne, idrettslege verdiar.
Fair-play-møtet: http://www.fotball.no/Documents/Bilder/NFF/2014/Fair%20Play-m%C3%B8te.pdf
Trenervett: http://www.fotball.no/Documents/Bilder/NFF/2014/Trenervett.pdf
Barnefotballbrosjyren: http://www.fotball.no/Documents/PDF/2010/Barne-og-ungdomsfotball/Barnefotballbrosjyre_2010.pdf
Fotballstyret, april 2015.