For vinteren 2016 så samarbeider HIL si hoppgruppe med skisenteret om tilrettelegging av mindre hoppbakkar på Heggmyrane med muleg instruksjonshjelp i
samband med «onsdagscup» (langrenn) og anna trening. «Minihoppbakkane» er tilrettelagt for bruk av langrennsski og dei er plassert ved servicebygget (kafeen) på
vestsida eller ved barneskitrekket (delvis begge stader). Desse hoppane kan brukast når som helst, men hoppgruppa vil vera tilstades for hjelp og instruksjon på onsdagar
under avvikling av onsdagscupen. Deltakarane i «onsdagscupen» og andre interesserte kan kome innom «minihoppbakkane» når det passar.
På andre kveldar og laurdag vil det på skisenteret bli tilrettelagt for trening (og eventuelt lengdemåling) i noko større tilrettelagte hoppbakar med spor for hoppski
(bakkar frå 5 til 15-20 meter) utover tilbod i Kvamsbakkane. Dette blir løpande informert til aktuelle interesserte på sms, epost og FaceBook-sida til skisenteret eller
idrettslaget.
Det viktigaste med dette tilbodet er at utøvarane (både jenter og gutar) får prøve seg i hoppbakkar ein meistrar og føler seg trygg. Ein an bruke det skiutstyret ein ønskjer,
men idrettslaget disponerer ein god del hopputstyr (ski og sko) som vert lånt ut til interesserte om ein ønskjer å prøve det.
For meir informasjon så kan ein ringja eller stille spørsmål på sms til 971 98502 (Per Birger) og 917 21076 (Jon Ove).
Helsing – Hoppgruppa
v/ Per Birger og Jon Ove
DS: Det vert i løpet av vinteren arrangert karusellrenn for «alle skigreiner» og eigne SFE-cuprenn for hopp med lengdemåling (og premie til alle).