Hafslo G10 vann ei reise med minibuss til fotballkamp med Hertz-bilutleige. Premien vart nytta til bortekamp i Vik måndag 23.mai. Sjølv om det vart tap, hadde gutane, trenarane og foreldra ein fin tur saman i minibussen. Og Hafslo G10 scora 5 mål!
Laget takkar Johnny Stølen for at han stilte opp som sjåfør og køyrde til Vik. Dei takkar også Jarle Ovrid for at logistikken gjekk opp.