Sportsplanen for Fotballgruppa i Hafslo IL må reviderast, og på styremøte i Fotballgruppa 7.desember 2016 vart gjeldande Sportsplan gjennomgått. Etter styremøtet har Fotballgruppa utarbeidd eit utkast til Sportsplan for 2017 – 2019. Den reviderte Sportsplanen må formelt vedtakast på årsmøtet til Hafslo IL i februar 2017, men vert no lagt ut på høyring på heimesida til Hafslo IL.
Føremålet med Sportsplanen er å vere eit styringsverktøy for Fotballgruppa. Den skal gje retningsliner for den sportslege aktiviteten i klubben, og den skal vere med å utvikle klubb, spelarar, trenarar og dommarar i positiv retning. Sportsplanen skal saman med handlingsplanen og årshjulet, vere dei rettleiande dokumenta i det daglege arbeidet i Fotballgruppa.
Sportsplanen har følgjande hovudpunkt:
- Innleiing
- Målsetjingar for Fotballgruppa Hafslo IL 2017-2019
- Fotballgruppa – funksjon og organisering
- Differensiering og hospitering
- Turneringsdeltaking
- Dommarar – rekruttering
Medlemer i Fotballgruppa, medlemer i hovudstyret, trenarar og oppmenn og foreldre i klubben, skal kjenne til innhaldet i Sportsplanen. For Fotballgruppa, trenarar og oppmenn, skal den vere ein aktiv plan som ein skal kunne nytte seg av i kvardagen. Det skal til ei kvar tid vere ein oppdatert versjon av Sportsplanen på Hafslo IL sine heimesider.
Utkast til revidert Sportsplan finn de i lenkja nedanfor. Dei «nye» punkta er markert med gult i utkastet. Elles er det gjort mindre språklege endringar.
Eventuelle innspel til den reviderte Sportsplanen kan sendast til leiar i Fotballgruppa Ove Midtbø, per e-post til ovemidtbo@hotmail.com innan tysdag 10.januar 2017.
På grunnlag av innkomne innspel, vil Fotballgruppa sende endeleg framlegg til ny Sportsplan 2017-2019 som sak for årsmøtet i Hafslo IL i februar 2017.