God Jul og Godt Nyttår!

Vi nærmar oss slutten av 2017, og Hafslo Idrettslag kan nok ein gong sjå tilbake på eit flott og aktivt år.

I skrivande stund har idrettslaget 675  registrerte medlemer, der 320 av desse  er jenter og gutar under 19 år. Vi har stor breidde når det gjeld aktivitetar, og har aktive grupper innan fotball, trim, langrenn, alpint, hopp, orientering og  barneidrett. I tillegg har vi fleire grupper og nemnder som gjer ein svært viktig og flott innsats for at vi kan oppretthalde eit høgt aktivitetsnivå. Dette gjeld mellom anna foreldrelaget for aldersfastlagt fotball, Lerum Cup-nemnda, marknadsnemnda, stadionstyret mm.

Gruppeleiarane og styra i dei ulike særgruppene og nemndene gjer ein fantastisk innsats med å organisere og leggje til rette for at medlemene, og særleg for at born og ungdom skal ha eit best mogleg aktivitetstilbod i idrettslaget. Vi har også svært mange engasjerte foreldre og andre som stiller opp som trenarar, lagleiarar og tek på seg andre oppgåver i dei ulike særgruppene. Og det er flott å sjå korleis foreldra til borna og ungdomane stiller velvilleg opp på dugnad i samband med aktivitetane!

I sum betyr dette at det blir lagt ned ei ufatteleg mengde dugnadstimar for Hafslo Idrettslag i løpet av året. Vi har mange eldsjeler, og det skal idrettslaget vere stolte av. Håpar kvar og ein som bidreg, tek til seg at den frivillige dugnadsinnsatsen betyr utruleg mykje for alle borna og ungdomane som er med på aktivitetar i idrettslaget vårt. Hafslo IL skal er også svært stolte av at ein av våre medlemer, Per Birger Lomheim, i november vart kåra til «Årets frivillig i fylket – Idrettsnamnet 2018» av Sogn og Fjordane idrettskrins! Velfortent!

                   

Det er også viktig å nemne alle dei fantstiske utøvarane våre som er med på treningar og aktivitetar gjennom året. Med super innsats og godt humør, bidreg dei til trivsel og er med på å skape gode sosiale miljø, i tillegg til eigenutvikling og meistring for seg sjølve. For dei som er med å leggje til rette for aktivitet i idrettslaget, finst det ikkje noko som er betre enn å sjå ekte idrettsglede kome til uttrykk blant utøvarane våre. Det er skapt mange flotte opplevingar for utøvarane våre i Hafslo IL i 2017 som aldri blir gløymt!

       

Det er også gledeleg å få tilbakemeldingar frå andre klubbar gjennom året om at dei føler seg velkomne og godt mottekne når dei kjem til Hafslo og møter utøvarar frå Hafslo IL. Det er det beste skussmålet ein kan få om at utøvarane og medlemene våre representerer idrettslaget på ein god måte. Dette handlar om respekt og gode haldningar som vi skal vere stolte av, og som vi sjølvsagt skal halde fram med å vere gode på!

Vi må også rette ein stor takk til alle sponsorane våre, med Luster Sparebank i spissen, og til alle andre støttespelarar. Dei gir oss gode føresetnader for at vi kan oppretthalde eit godt og variert aktivitetstilbod for medlemene i idrettslaget vårt! Takk også til naboklubbane for godt samarbeid i 2017!

Styret vil takke alle medlemene, alle med verv i idrettslaget, alle frivillige, alle sponsorar, naboklubbane og alle andre støttespelarar som har stilt opp for Hafslo Idrettslag i 2017. TUSEN TAKK ALLE SAMAN!

Vi ønskjer alle ei riktig God Jul og eit Godt Nyttår, og ser fram til eit nytt aktivt år i 2018!

Julehelsing frå Styret i Hafslo IL!