Dugnadsskjema fotballsesongen 2019

Viser til tidlegare informasjon på heimesida om påmelding til fotballsesongen 2019: 
http://hafslo-il.no/2019/01/pamelding-fotballsesongen-2019/

Som nemnt i tidlegare informasjon må alle fotballforeldre og fotballspelarar på seniornivå i Hafslo IL bidra med dugnad under Lerum Cup 22.-24.juni 2019, eventuelt annan dugnad i løpet av året. Det er derfor viktig at alle melder inn ønskje om dugnad innan torsdag 2.mai 2019.

I lenkja nedanfor finn de skjema for dugnadsønskje sesongen 2019. Alle foreldra til born som har meldt seg på fotballsesongen 2019 og seniorspelarar i Hafslo IL må fylle ut og sende inn skjemaet med dugnadsønskje. For dei som har fleire born med, er det nok at eitt skjema vert returnert, der de fører opp namna på alle borna de er foreldre til.

Skjemaet må fyllast ut og sendast inn per e-post til Erna Hamrum: erna.hamrum@sfj.no innan torsdag 2.mai 2019! 

Dei som ikkje sender inn dugndasskjemaet innan fristen, blir sett opp på dugnad etter behov.