Fristane for påmelding av lag til fotballsesongen 2020 nærmar seg. Alle som skal vere med på fotball i Hafslo IL sesongen 2020, må melde seg på i eitt av dei elektroniske skjema de finn lenkjer til nedanfor.
Det er to påmeldingsskjema, eitt for aldersbestemt og miniputt (jenter og gutar fødde 2003-2014) og eitt skjema for senior (damer og herrer).
For å spela fotball for Hafslo Idrettslag må følgjande vera oppfylt:
1. Medlemskap i Hafslo Idrettslag. (kr.300 for einskildmedlem/kr.750 for husstandsfellesskap).
2. Betale treningsavgift til idrettslaget.
Treningsavgifta for 2020 er ikkje endeleg fastsett, men informasjon om treningsavgifta for 2020 vert lagt ut på heimesida vår under «Generell informasjon» så snart den er klar.
3. Utføre dugnadsarbeid som: Medlem av fotballgruppa, medlem i foreldrelaget, trenar, oppmann, loddsal, anna arbeid.
4.Jobba 2 dugnadsvakter på Lerum Cup 20.-22.juni 2020 eller betale 1500 kr pr. påmeldt barn for fritak for dugnad under Lerum Cup. NB: Dette gjeld også alle som spelar på seniorlaget.
Påmelding gjer du ved å gå inn på ei av lenkjene til skjema nedanfor. Du kan berre melde på ein spelar om gongen, og dersom du ønskjer å melde på fleire born, må du sende inn ei påmelding per born. Utfyllinga er enkel, der du fyller inn namn på spelar, epostadresse, telefonnr.,fødselsår.
NB: Det er viktig at du fyller ut kontaktinformasjon til alle føresette i skjema for aldersbestemt og miniputt!
NB: Du må også krysse av for ja eller nei på spørsmål om det er i orden å publisere bilete av spelar på heimesida eller facebook-sida til idrettslaget.
Etter at du har fylt ut påmeldingsskjemaet, sender du dette inn elektronisk. Like etter innsending får du tilsendt stadfesting til oppgitt e-postadresse om at påmeldinga er registrert. NB: Dersom du ikkje får e-postkvittering, må du sjekke om den kan ha kome i «søppel»-innboksen.
Når idrettslaget har fått registrert påmeldinga, får du etterkvart tilsendt eigen e-post frå leiar@hafslo-il.no med betalingsinformasjon om korleis du betalar faktura for medlemsskap og treningsavgift gjennom minidrett.no. NB: Hugs at e-postar blir sendt til den første registrerte e-postadressa som blir oppgitt ved påmelding! Merk også at faktura for medlemsskap allereie er sendt ut til dei som var påmeldt fotball i 2019. Faktura for treningsavgift kjem seinare i løpet av våren for dei aller fleste.Det vert lagt ut informasjon på Facebook-sida vår når faktura for treningsavgift vert sendt ut.
Påmeldinga er bindande, og det er viktig at påmelding skjer innan fristane, då denne dannar grunnlag for påmelding av lag til seriespel sesongen 2020. Det er også viktig at medlemsskap/treningsavgift blir betalt innan fristane på fakturaen du får tilsendt per e-post!
Dette er den offisielle påmeldinga for fotball i Hafslo IL, og sjølv om du har meldt deg på via laget si facebook-side eller på annan måte, må alle melde seg på via eitt av påmeldingsskjemaene nedanfor!
I løpet av våren, vil alle som er påmeldt få tilsendt eigen e-post med høve til å melde inn ønskjer for dugnadsarbeid og dugnad under Lerum Cup 2020. Dei som er påmeldt fotballsesongen 2020, og som ikkje svarar på e-posten om dugnad, må betale fritak for dugnadsinnsats, eller blir sett opp på dugnad under Lerum Cup der det er behov.
PÅMELDINGSFRISTAR OG LENKJE TIL SKJEMA:
Senior damer og herrer: Påmelding innan søndag søndag 2.februar 2020 via dette skjemaet:
Aldersbestemt (jenter/gutar 11-17 år): Påmelding innan søndag 2.februar 2020 via skjema nedanfor.
Miniputt (jenter/gutar 6-10 år): Påmelding innan søndag 2.februar 2020 via skjema nedanfor (same som aldersbestemt):