Årets Loppecup vart arrangert i Samfunnsbygget på Hafslo laurdag 7.mars. Loppecupen er eit årleg arrangement som vert arrangert av elevar og foreldre i 7.klasse ved Hafslo Barne- og ungdomsskule.
Fotballturneringa er for jenter og gutar i 1.-6.klasse, og det var 34 deltakarar med i årets turnering.
Det vart spelt til saman 21 fartsfylte fotballkampar i går, og det vart scora heile 80 mål totalt av dei flinke og innsatsvillege jentene og gutane som deltok.
God dømming og flott innsats også av elevar i 7.klasse som dømte kampane.
Alle deltakarane fekk velfortente premiar. Mellom anna fekk alle superflotte solbriller sponsa av Luster Sparebank.
Elevar og foreldre i 7.klasse ønskjer å takke alle som var med på årets Loppecup, og Hafslo IL håpar mange blir med på framtidige Loppecupar på Hafslo!