Hafslo Idrettslag er opptekne av vidareutviklinga av Hafslo sentrum, og har i dag sendt innspel til varsel om start av områderegulering for Hafslo sentrum, melding om oppstart av planarbeid Plan-id 2020004 i Luster kommune. Høyringsfristen var 3.desember, men er no utsett til 18.desember. Det er også invitert til open kontordag på Hafslo 14.desember. Meir informasjon om det pågåande planarbeidet finn de i denne lenkja: http://www.luster.kommune.no/omraaderegulering-av-hafslo-sentrum-kontordag.6340593-157426.html
Hafslo IL kjem til å prøve å få tinga tid til møte under open kontordag 14.desember. Hovudbodskapen i innspelet vi har sendt inn i dag, er at idrettslaget meiner det må leggast til rette for ein fleirbrukshall i Hafslo sentrum, samt at trafikktryggleiken må sikrast med gong/sykkelveg langs hovudvegen. Heile innspelet kan de lese i lenkja nedanfor:
Innspelet er forankra i handlingsplanen og anleggsplanen vår. Vi oppmodar alle medlemene våre om å engasjere seg i det pågåande planarbeidet for Hafslo sentrum, anten de støttar innspelet frå idrettslaget eller har andre ønskje for den framtidige utviklinga av sentrumsområdet i bygda vår.
Styret i Hafslo IL