Det vert årsmøte for Hafslo Idrettslag for 2020 torsdag 11.mars 2021 kl.19.
Årsmøtet vert halde på Eikum Hotell.
Vanlege årsmøtesaker. Berre medlemer har røysterett.
Saker som medlemene vil ha handsama på årsmøtet må vera kome styret i hende seinast to veker før årsmøtet, det vil seie innan torsdag 25.februar 2021.
Saker kan meldast til styret på e-post til leiar@hafslo-il.no .
Årsmelding for 2020 og andre aktuelle saksdokument vert gjort tilgjengelege for medlemene på heimesida vår www.hafslo-il.no seinast ei veke før årsmøtet. Det kjem meir informasjon om dette på heimesida og på facebook-sida vår framover.
NB: På grunn av korona-situasjonen kan det bli aktuelt med påmelding i forkant til årets årsmøte. Følg med på heimesida vår www.hafslo-il.no og Facebook-sida vår for meir informasjon om dette framover!
Hovudstyret i Hafslo IL