Før helga kom Regjeringa med nokre lettelsar og justeringar i koronotiltaka. For born og unge under 20 år kan aktivitet i stor grad gjennomførast som normalt både innandørs og utandørs. Vaksne over 20 år kan trene innandørs med avstand, og utandørs med kontakt dersom det er naudsynt. Dei generelle smittevernråda må følgjast, og det er nokre restriksjonar knytt til antal personar mm. Hafslo IL justerer retningslinjene for aktivitet i tråd med dette. Dei nye tiltaka gjeld i utgangspunktet frå 14.januar til 1.februar.
Dette betyr at følgjande retningslinjer gjeld for organisert aktivitet i Hafslo IL frå 14.januar til 1.februar 2022:
Generelle retningslinjer og oppmodingar:
- Alle må følgje dei grunnleggande råda om å halde seg heime ved sjukdom og praktisere god hoste- og handhygiene.
- Fritidsaktivitetar bør gjennomførast utandørs så langt det er mogleg.
- Ved innandørs aktivitet kan garderobar haldast opne dersom det er mogleg å organisere bruken slik at ein unngår trengsel og tett kontakt mellom personar. Dersom opne garderobar fører til trengsel, er det anbefalt å stenge garderobane for ordinær bruk, men at toalett og moglegheit for handvask er tilgjengeleg om dette ikkje finst andre stader i lokala.
Born og unge under 20 år:
- Utandørs aktivitetar kan gjennomførast som normalt, med kontakt der det er naudsynt.
- Innandørs aktivitet kan gjennomførast med kontakt der det er naudsynt.
- Ved innandørs aktivitet er anbefalt gruppestorleik på om lag 20 personar eller etter klasse/kohort.
- Fleire grupper kan trene i same lokale dersom gruppene er skilt frå kvarandre og kan halde minst 2 meter avstand og smittevernråda vert følgde under heile aktiviteten. Gruppene bør i slike tilfelle ikkje ha kontakt før eller etter aktiviteten.
Vaksne:
- Utandørs aktivitetar kan gjennomførast som normalt, med kontakt der det er naudsynt.
- Innandørs kan maks 20 personar delta og det skal haldast minst 1 meter avstand under aktiviteten.
- Ved intensiv trening bør det leggast til rette for minst 2 meter avstand.
Arrangement (t.d. idrettsarrangement, kurs, medlemsmøte mm)
- Det kan gjennomførast arrangement innandørs knytt til organiserte fritidsaktivitetar som samlar born og unge under 20 år frå ulike stader.
- For lagidrettar vert det anbefalt berre enkeltvise kampar, og ikkje turneringar, cupar og liknande.
- For individuelle idrettar er det anbefalt å avgrense gruppestorleiken på konkurransane.
- Dersom det er flere enn 100 personer tilstades, skal det ikkje leggjast til rette for publikumsområde eller bruk av innandørs fasilitetar med unntak av toalettfasilitetar.
- For arrangement gjeld dei generelle reglane for publikumsarrangement, med til dømes begrensningar på tal personar totalt. NB: Ved arrangement vert ikkje utøvarar og naudsynt støttepersonell rekna med i det totale talet på personar som kan vere tilstades på arrangementet. Meir informasjon om publikumsarrangement ligg på Regjeringa sine sider: https://www.regjeringen.no/no/tema/kultur-idrett-og-frivillighet/innsiktsartikler/sporsmal-og-svar-om-smitteverntiltak-for-kultur-idrett-og-frivillighetsfeltet/id2891462/
Informasjon og meir detaljar om dei nasjonale koronarestriksjonane for idrett, kultur og friluftsliv, finn de på idrettsforbundet si heimeside: https://www.idrettsforbundet.no/nyheter/2022/regjeringen-gir-betydelige-lettelser-for-idretten/
Vi ber alle i idrettslaget om å følgje retningslinjene ovanfor. Om nokon er usikre på om aktivitet, arrangement eller møte kan gjennomførast i tråd med retningslinjene, kan de rådføre dykk med gruppeleiarane i dei ulike gruppene de tilhøyrer eller ta kontakt med leiar i idrettslaget Ove Midtbø.
Trass i at det framleis er restriksjonar når det gjeld aktivitet for vaksne, vil vi oppmode alle om å kome seg ut i frisk luft, til dømes på ski eller trimturar. Vi har mange og gode moglegheiter for dette i nærområdet vårt. Vi oppmodar derfor til aktivitet utandørs så lenge ein passar på å halde god avstand til andre (minst 1 meter).
Dette er eit steg i riktig retning, men det er framleis viktig at alle følgjer gjeldande retningslinjer og at alle gjer sitt for å begrense spreiing av korona-viruset. Vi håpar det let seg gjere med stor aktivitet i tråd med dei justerte retningslinjene og at alle held seg friske framover.
Helsing styret i Hafslo IL