PÅMELDING TIL AKTIVITETAR I HAFSLO IL 2024

Då har vi snart avslutta nok eit flott år og sesong med stor og variert aktivitet i Hafslo Idrettslag. Idrettslaget vil takke alle medlemene våre som har delteke på ulike aktivitetar og alle andre som har vore medlemer i 2023!

No er det mogleg å melde seg på aktivitetar sesongen 2024. Vi håpar mange ønskjer å delta på ein eller fleire av aktivitetane våre også komande sesong, og satsar på at vi kan starte opp med vinteraktivitetar om kort tid.

Alle som skal vere med på aktivitetar sesongen 2024 må melde seg på i eitt av dei elektroniske skjemaene de finn lenkjer til nedanfor. Det er tre ulike påmeldingsskjema. Merk at det er eigne skjema for fotball miniputt/aldersbestemt og fotball senior menn og kvinner. So er det eige skjema for andre idrettsaktivitetar!

Fotball aldersbestemt og miniputt sesongen 2024 (jenter og gutar fødde 2006 – 2018)

Fotball senior sesongen 2024 (damer og herrer)

Andre idrettsaktivitetar sesongen 2024 (langrenn, alpint, freeski, skihopp, barneidrett 6-12 år, småbarnstrim 0-5 år, håndball, Idrett for Alle, basistrening, volleyball (vaksne)

Det er mogleg å melde seg på i fleire skjema/aktivitetar, og vi ber om at alle melder seg på alle aktivitetar dei er med på. Ved deltaking på fleire aktivitetar, treng ein uansett å betale berre ei treningsavgift. NB: Merk at det er gratis medlemsskap og treningsavgift i Hafslo IL for born og unge 0-19 år på grunn av gåve frå Luster Sparebank i desember 2022!

For å delta i aktivitetar i regi av Hafslo IL må følgjande vera oppfylt:

1. Medlemskap i Hafslo Idrettslag (gratis medlemsskap 0-19 år i 2024. Familiemedlemsskap frå 20 år og oppover vert fakturert med redusert beløp). Medlemsskap er ein føresetnad for å vera omfatta av forsikringar som trer inn i tilfelle skadar. Medlemsskap er også grunnlag for ulike støtteordningar og offentlege tilskot.

2. Betale trenings-/deltakaravgift til idrettslaget. Det er gratis treningsavgift for born og unge 0-19 år i 2024 pga gåve frå Luster Sparebank. For vaksne frå 20 år og oppover finn de meir informasjon om treningsavgift her: https://hafslo-il.no/treningsavgifter/ Det er berre krav om ei trenings-/deltakaravgift uansett kor mange idrettar ein deltek i for Hafslo Idrettslag.

3. Utføre dugnadsarbeid som t.d: Medlem av fotballgruppa, medlem i foreldrelaget, trenar, lagleiar, loddsal, leiar av særgruppe, anna arbeid. Enkelte særgrupper har ulike dugnader i tillegg. Dugnadsskjema vert sendt ut i eigen e-post seinare.

4. Gjeld berre fotball: Foreldre til miniputt- og aldersbestemt + seniorspelarar må jobbe 2 dugnadsvakter på Lerum Cup 2024 (22.-24. juni). Eige skriv om dugnadsønskje vert sendt ut seinare.

NB!  Idrettslaget gjer merksam på ordninga med Luster Fritidsfond, der born og unge kan få økonomisk støtte til deltaking i fritidsaktivitetar.

Det er viktig at alle som deltek i idrettsaktivitetar i Hafslo IL melder seg på dei ulike aktivitetane i skjemaene ovanfor, slik at vi får registrert medlemsskap med tanke på forsikringsdekning mm.

Når idrettslaget har registrert påmelding til ein eller fleire aktivitetar, får du i løpet av januar 2024 tilsendt eigen e-post frå leiar@hafslo-il.no med betalingsinformasjon om korleis du betalar faktura for medlemsskap og treningsavgift gjennom www.minidrett.no . Faktura for medlemsskap og treningsavgift kjem i ulike e-postar. Merk at e-postar blir sendt til den første registrerte e-postadressa som blir oppgitt ved påmelding!

Særskilt for fotball: Påmeldinga for fotballsesongen er bindande, då påmeldingane dannar grunnlag for påmelding av lag til seriespel sesongen 2024.

I løpet av våren, vil alle som er påmeldt fotballsesongen 2024 få tilsendt eigen e-post med høve til å melde inn ønskje for dugnadsarbeid og dugnad under Lerum Cup 2024. Dei som er påmeldt fotballsesongen 2024, og som ikkje svarar på tilsende e-postar om dugnad, blir sett opp på dugnad under Lerum Cup 2024 der det er behov.

Ved eventuelle spørsmål kan de kontakte medlemsansvarleg Erna Hamrum, e-post erna.hamrum@gmail.com  el. tlf. 99 39 56 32 eller leiar Ove Midtbø, e-post ove.midtbo@hotmail.com  el. tlf. 41 37 56 55.

Helsing styret i Hafslo IL