Det vert årsmøte for Hafslo Idrettslag torsdag 13.februar 2025 kl.19. Årsmøtet vert som vanleg halde på Eikum Hotell.
Det vert vanlege årsmøtesaker. Andre saker som medlemene vil ha handsama på årsmøtet må vera kome styret i hende seinast to veker før årsmøtet, det vil seie innan torsdag 30.januar 2025.
Saker kan meldast til styret på e-post til leiar@hafslo-il.no.
Årsmelding for 2024 og andre aktuelle saksdokument vert gjort tilgjengelege for medlemene her på heimesida så snart dei er klare og seinast ei veke før årsmøtet.
Følg også med på Facebook-sida vår for informasjon om årsmøtet framover.
Helsing hovudstyret i Hafslo IL