Bli med på Hafslotrimmen 2024/25

Hafslotrimmen 2024/25 er godt i gong, og det er framleis mogleg å delta. Hafslo og Solvorn har mange flotte turmoglegheiter i nærmiljøet, så om du likevel skal ut på tur må du gjerne registrere deg som deltakar i Hafslotrimmen. I lenkjer nedanfor finn du meir informasjon om dei ulike trimpostane med vegforklaring.

Hafslotrimmen er ein turkonkurranse (mot deg sjølv eller mot andre, alt etter kva du vil) der du samlar poeng ved å gå turar på Hafslo og i Solvorn. Du kan registrere turane i appen «Trimpoeng». For dei som ikkje brukar appen «Trimpoeng» og vil være med i trekking av premiar, må ein levere trimskjema manuelt, vere medlem av Hafslo idrettslag og betale deltakarkontingent. Kontingenten (vaksen kr. 75, barn kr. 50) betalast til kontonr. 3785.07.20062, eller med Vipps til nummer 114316. Betalinga merkast med «Trimskjema 24/25» og namn.

Meir informasjon om appen «Trimpoeng» og trimskjema (for dei som ikkje nyttar appen) finn de i lenkjene nedanfor:

Trimskjema Hafslotrimmen 24-25 med vegforklaring

Informasjon om appen Trimpoeng

Konkurransen varer frå 01.10.2024 – 30.09.2025. Vinnarane får premiar på Haustmarknaden i november 2025.

Vi håpar mange ønskjer å delta, og at de får mange flotte turar i løpet av trimsesongen 2024/25!

Trimgruppa Hafslo IL