
Det nærmar seg Lerum Cup 2025 (20.-23,juni 2025), og no i desse dagar vert det sendt ut informasjon og skjema for innmelding av dugnadsønskje til medlemer i dei ulike gruppene i idrettslaget. Informasjonen vert også lagt ut her på heimesida og på Facebook-sida vår, sjå nedanfor.
Hei alle saman. I år prøvar vi oss både med ny organisering, og digitalisering av dugnaden under Lerum Cup. Vi håpar at denne organiseringa både vert betre, enklare og meir rettferdig enn før. Vi veit og at når vi prøvar på noko nytt, så vil det oppstå utfordringar. Utfordringane håpar vi lar seg løyse undervegs, samt at vi kjem til å ha ei skikkeleg evaluering i etterkant av cupen.
Bakgrunnen for dette er at Lerum Cup er ein svært viktig dugnad for Hafslo idrettslag, den er såpass økonomisk gjevande at anna dugnad resten av året vert betydeleg redusert. Med den auka storleiken på cupen har og trykket på fotballgruppa blitt større, og vi ser at dugnaden kan gagne fleire grupper. Difor vil organiseringa av dugnad under Lerum Cup 2025 vere eit prøveprosjekt der den går frå å gjelde fotball- og skigruppene, til og å kunne gjelde resten av idrettslaget.
Mange av medlemene i idrettslaget er med på fleire aktivitetar, medan nokon er med på få. Vi ynskjer at dugnadsbidraget skal stå i samsvar med aktiviteten og deltakinga i familien, og prøvar så langt det lar seg gjere å sjå dette i samanheng.
Her er nokre døme på dugnadsinnsats:
Familie der eit eller fleire barn er med på aktivitet: Minimum 2 dugnadsøkter
Familie der fleire barn er med på fleire aktivitetar: Minimum 3 dugnadsøkter
Øvrige aktive medlemer: Minimum 1 dugnadsøkt
Støttemedlemer og andre: All dugnad vert motteke med takk!
Vi er klar over at ingen familiar er like, og at vi ved nokre tilfelle må ta særskilde omsyn. Vi har og ein situasjon, der mange av dykk som mottek dette skjema, også er tilknytt andre idrettslag med andre dugnader både på same tidspunkt og andre tidspunkt, og dette vil vi prøve å ta omsyn til.
Når alt dette er sagt så vil vi presisere kvifor vi gjer denne endringa i dugnadsorganiseringa; nemleg at alle grupper i idrettslaget skal få moglegheit til å bidra, og såleis få dele på både dei økonomiske, og ikkje minst dei sosiale godene som dugnaden under Lerum Cup gir. Vi vil og minne på den gode tradisjonen vi har på dugnadsinnsats, og korleis vi her har sjanse til å vidareføre denne til neste generasjon, så inkluder gjerne ungdomane dykkar i dette, då fleire av dei eldre ungdomane fint kan gjere ein dugnadsinnsats😊
Om de har spørsmål kan de kontakte leiar for dykkar gruppe. Så håpar vi at alle får ein fin dugnad.
Lenkje til skjema for påmelding til dugnad: https://forms.office.com/e/E5i7QfRcmK
Påmeldingsfrist er innan søndag 11.mai 2025.
Helsing Lerum Cup-nemnda i Hafslo IL