Påmelding fotballsesongen 2017

Sjølv om vi berre er komen til januar, nærmar fristane seg for påmelding av lag til fotballsesongen 2017. Tida er derfor komen for å melde seg på, dersom du skal vere med på fotball i Hafslo IL sesongen 2017.

I år har vi fått på plass eit elektronisk skjema for påmelding som du finn nedanfor. Det er to påmeldingsskjema, eitt for aldersbestemt og miniputt (jenter og gutar fødde 2000-2011) og eitt skjema for senior (damer og herrer fødde 1999 og oppover).

For å spele fotball for Hafslo idrettslag må følgjande vere oppfylt:

1. Medlemsskap i Hafslo Idrettslag.

2. Betale treningsavgift til idrettslaget. Treningsavgifta er: 0-5 år: gratis, 6-10 år: kr 200, 11-14 år: kr 400, 15-19 år: kr 600, senior: kr 1000.

3. Utføre dugnadsarbeid som: Medlem av fotballgruppa, medlem i foreldrelaget, trenar, oppmann, loddsal, anna arbeid.

4. Jobbe 2 dugnadsvakter på Lerum Cup (30.juni – 2.juli 2017) eller betale 1500 kr per påmeld spelar for fritak for dugnad på Lerum Cup.

Påmelding gjer du ved å gå inn på ei av lenkjene til skjema nedanfor. Du kan berre melde på ein spelar om gongen, og betyr at dersom du ønskjer å melde på fleire born må du sende inn ei påmelding per born. Utfyllinga er enkel, der du fyller inn namn på spelar, epostadresse, telefonnr.,fødselsår. Du må også krysse av for ja eller nei på spørsmål om det er i orden å publisere bilete av spelar på heimesida eller facebook-sida til idrettslaget.

Etter at du har fylt ut påmeldingsskjemaet, sender du dette inn elektronisk. Like etter innsending får du tilsendt stadfesting til oppgitt e-postadresse om at påmeldinga er registrert. NB: Dersom du ikkje får e-postkvittering, må du sjekke om den kan ha komt i «søppel»-innboksen.

Når idrettslaget har fått registrert påmeldinga i sitt system, får du tilsendt eigen e-post frå leiar@hafslo-il.no med betalingsinformasjon om korleis du betalar faktura for medlemsskap og treningsavgift ved pålogging til minidrett.no. NB: Hugs at e-postar blir sendt til den e-postadressa som blir oppgitt ved påmelding!

Påmeldinga er bindande, og det er viktig at påmelding skjer innan fristane, då påmeldinga dannar grunnlag for påmelding av lag til seriespel sesongen 2017. Det er også viktig at medlemsskap/treningsavgift blir betalt innan fristen på fakturaen du får tilsendt etter påmelding!

Dette er den offisielle påmeldinga for fotballsesongen til Hafslo IL, og sjølv om du har meldt deg på via laget si facebook-side eller på annan måte, må alle melde seg på via påmeldingsskjema nedanfor!

I løpet av våren, vil alle som er påmeldt få tilsendt eigen e-post med høve til å melde inn ønskjer for dugnadsarbeid og dugnad under Lerum Cup 2017. Dei som er påmeldt fotballsesongen 2017, og som ikkje svarar på e-posten om dugnad, blir sett opp på dugnad under Lerum Cup der det er behov!

PÅMELDINGSFRISTAR OG LENKJE TIL SKJEMA:

Senior damer og herrer: Påmelding innan søndag 22.januar 2017 via dette skjemaet:

http://hafslo-il.no/pamelding-seniorfotball-2017/

Aldersbestemt (jenter/gutar 11-17 år): Påmelding innan søndag 29.januar 2017 via skjema nedanfor.

Miniputt (jenter/gutar 6-10 år): Påmelding innan søndag 19.februar 2017 via skjema nedanfor (same som aldersbestemt):

http://hafslo-il.no/pamelding-aldersfastlagd-fotball/ 

Ved problem eller eventuelle spørsmål, kan du ta kontakt med leiar i Fotballgruppa, Ove Midtbø, per e-post: ovemidtbo@hotmail.com.