To lag frå Hafslo IL skal delta på Vildbjerg Cup i Danmark 3.-6.august 2017. Hafslo G13/14 har med 10 spelarar og Hafslo G15/16/17 stiller med 16 spelarar. Det blir ein stor gjeng med spelarar, trenarar, foreldre og søsken frå Hafslo som reiser til Danmark på onsdag, og alt ligg til rette for ei flott turneringsoppleving i Vildbjerg.
I går kveld var Sogn Avis på plass i samband med siste treninga på kunstgrasbana før avreise. Gutane og trenarane gler seg, og er klare til Danmarkstur.
Torsdag 3.august kl.1315 opnar turneringa i Danmark, med felles innmarsj av alle 720 deltakande lag gjennom sentrum av Vildbjerg. Det blir garantert ei stor oppleving for spelarar, trenarar og foreldre. Kampane sparkast i gong torsdag ettermiddag frå kl.1530.
Laga frå Hafslo IL skal spele følgjande innleiande kampar under årets Vildbjerg Cup:
HAFSLO G13/14:
Torsdag 3.august kl.2010: Hafslo IL – Skive IK
Fredag 4.august kl.1130: Hafslo IL – HTS Horne-Tistrup-Sig
Fredag 4.august kl.1720: Morsø – Hafslo IL
Deretter A- eller B-sluttspel laurdag og evt søndag.
HAFSLO G15/16/17:
Torsdag 3.august kl.1530: Hafslo IL – Farsø/Ullits IK
Fredag 4.august kl.0800: Sjørring Boldklub – Hafslo IL
Fredag 4.august kl.1315: Hafslo IL – Fredensborg BI
Laurdag 5.august kl. 0800: Vildbjerg SF – Hafslo IL
Deretter A- eller B-sluttspel laurdag og evt søndag.
Det kjem oppdateringar på Facebook-sida vår om korleis det går med laga frå Hafslo IL under turneringa.
Vi ønskjer begge laga lukke til i Danmark!