Idrettskrinsen på klubbesøk til Hafslo IL

Hafslo IL var så heldige å få besøk av Ingrid Narum frå Sogn og Fjordane idrettskrins i samband med utvida styremøte måndag 23.oktober. Styret og gruppeleiarane fekk ein flott gjennomgang av korleis idrettskrinsen jobbar og ikkje minst kva dei kan tilby av støtte og verktøy for idrettslaga rundt om i fylket. Styret og gruppeleiarane fekk mykje nyttig informasjon, og det vart også tid til spørsmål og gode diskusjonar i løpet av styremøtet.

Vi er takknemlege for at idrettskrinsen tok seg tid til å kome på besøk, og for god informasjon og svar på spørsmåla våre. Det blir nyttig både for styret og gruppeleiarane i det viktige arbeidet med å skape gode rammer for aktiviteten i idrettslaget.

Om nokon ønskjer å vite meir om idrettskrinsen sitt arbeid, kan de gå inn på Sogn og Fjordane idrettskrins si heimeside ved å følgje denne lenkja: https://www.idrettsforbundet.no/idrettskretser/sogn-og-fjordane-idrettskrins/