Vi er i gong med eit nytt år og det er tid for nye barneidrettsaktivitetar.
I lenkja nedanfor finn de vinterprogrammet for Barneidretten 2018.
Onsdagar vert det skicup, og oppstart er onsdag 10.januar kl.17.15-18.00. Det vert registrering frå kl 17.15-18.00. Startkontingent er kr. 50,- for kvart born som deltek. Kontigenten kan betalast kontant som før ved oppmøte, eller via Hafslo IL sin VIPPS-konto, nr. 114316. Tidtaking kl. 18.00. Elles legg vi opp til ulike skileik aktivitetar.
NB: I år vert skicupen arrangert i sprintløypa. Ho ligg 50 meter bak verkstadbygget. Parker på den øvre parkeringsplassen!
Det ligg trimbok i postkassa på 5-km løypa. Dette er ein kjekk tur for alle.
I tillegg vert det mogleg å prøve seg på hopp i bakken over skisenteret etter skicupen for dei som ynskjer det.
Det vert Telenorkarusell hopp følgjande onsdagar: 24.01, 07.02, 14.02, 07.03 og 21.03.
Alpingruppa arrangerer Telenorkarusell desse tysdagane: 06.02 og 27.02.
Onsdag 21.03 vert det avslutning med kveldsmat og premieutdeling i kafeen på skisenteret. Alle registerte får premie, i tillegg vert det pokal til dei som har delteke fem gongar eller fleire. Dei som ikkje deltek på avslutninga, men som skal ha premie; ta kontakt.
Alle born er velkomne til å vera med, einaste kravet er at ein må vera medlem i Hafslo idrettslag.
Evt endringar i programmet vert lagt ut på nettsida vår www.hafslo-il.no og på Facebook-sida vår. Gå gjerne inn på Hafslo Idrettslag på Facebook og lik sida vår.
Lenkje til vinterprogrammet: Vinterprogram Barneidrett 2018