Olav Kjos-Wenjum er gått bort

Det var med stor sorg vi fekk melding om at ein av æresmedlemene våre, Olav Kjos-Wenjum, gjekk bort fredag 16.februar etter kort tids sjukeleie, 84 år gamal. Varme tankar går til kona Sigrid, borna og den næraste familien.

Olav ofra store deler av livet sitt til frivilleg innsats og teneste for idretten, og vil alltid bli hugsa som ei av dei største ildsjelene i Hafslo IL gjennom tidene. Olav var sjølv aktiv utøvar, og allereie som 15-åring tok han på seg verv i Hafslo IL innan fotball og ski. Berre 23 år gamal vart han leiar av idrettslaget, og hadde leiarverv og styreverv i idrettslaget i meir enn 20 år. Han såg tidleg kor viktig gode anlegg var for god aktivitet og trivsel i klubben, og sette i gang store anleggsprosjekt i Hafslo/Luster som idretten i kommunen framleis nyt godt av.

Olav tok etterkvart på seg tillitsverv i fotballkretsen, og med det starta eit livslangt engasjement til det beste for fotballen i heile fylket. I 1973 tok Olav på seg arbeidet som leiar i Kretslagskomiteen i fotballkretsen, og hadde etter dette ansvar for ei rekke viktige verv i fotballkretsen i perioden 1973 til 2015. Etter at han tok over som leiar i anleggskomiteen i 1998, starta arbeidet som han kanskje vil bli hugsa best for. 122 ballbingar og rundt seksti 11-ar og 7-ar baner står att i fylket som minnesmerker etter Olav sitt imponerande arbeid i anleggskomiteen. NFF Sogn og Fjordane har i ein eigen artikkel på heimesida skrive velfortente minneord om Olav og hans imponerande innsats: https://www.fotball.no/kretser/sogn-og-fjordane/om-kretsen/artiklar/2018/olav-kjos-wenjum-er-gatt-bort/

At Olav sin innsats er lagt merke til langt utover fylkesgrensene, er kome tydeleg til uttrykk ved at han fekk utdelt Kongens fortenestemedalje i gull i 2007 og Nikken-prisen i pausa under cupfinalen på Ullevaal stadion i 2011.

I nyare tid var Olav mellom anna med på å opne ballbingane både på Hestnes og på Galden på Hafslo. Og det er ikkje tvil om at han sette stor pris på å sjå resultatet av arbeidet, og ikkje minst å få oppleve gleda av å gje born og unge moglegheit for å drive fritidsaktivitet i nærmiljøet. Det må også nemnast at Olav var ein av initiativtakarane til Luster Sponsorlaug, som er ei stipendordning for unge, lovande idrettsutøvararar i Luster kommune som gjer at dei kan satse på idretten sin.

    

Heilt fram til i fjor sommar var Olav representant for kretsen på Kongleriket-turneringane i fylket. Han la aldri skjul på at desse miniputt-turneringane var av dei flottaste fotballarrangementa han visste om. Han følgde godt med til det siste, og var svært stolt over bornebarna som deltok. Dei siste åra var Olav ofte tilstades i Moane for å sjå på borneborna og andre spelarar i turneringar, kampar og på treningar. Han utstrålte eit enormt engasjement og det var aldri tvil om at dette var noko han sette stor pris på.

Det kunne vore skrive mykje meir om den enorme dugnadsinnsatsen han har lagt ned. Olav Kjos-Wenjum vil for alltid stå att som ei legende for sin innsats for Hafslo Idrettslag og for fotballen i fylket, og han vil alltid bli hugsa som ein av idrettslaget sine største profilar og bidragsytarar gjennom tidene.

Avslutningsvis må vi heller ikkje gløyme uttrykket «Bak ein kvar stor mann står ei stor kvinne». Vi veit godt at Olav si kone Sigrid fortener ein stor del av æra for Olav sin innsats. Vi vil derfor rette ein stor takk både til Sigrid og resten av familien for all den tida Olav har fått lov til å bruke på frivilleg innsats til det beste for idrettslaget og for fotballen i fylket.

Takk for innsatsen og kvil i fred Olav!