Etter ei flott påske, er våren endeleg komen til Hafslo. Barneidretten startar opp onsdag 24.april med sykkelaktivitet på skuleplassen. Heile vårprogrammet for Barneidretten fram til 19.juni finn de i lenkja nedanfor.
Alle særgruppene i Hafslo Idrettslag samarbeider om tilrettelagte aktivitetar for alle born i alderen frå ca 5-6 til ca 12 år. Sjølv om fotballtreningane for miniputtane utgjer hovedtyngda av vårprogrammet, tilbyr Barneidretten likevel eit variert aktivitetstilbod med sykling, turbingo og turar i nærmiljøet, friidrett og orientering. Torsdag 13.juni er det planlagt avslutningstur til Måsaviki.
Barneidretten er eit tilbod til alle betalande medlemer i Hafslo Idrettslag. Informasjon om medlemsskap i Hafslo Idrettslag finn du her.
Oppmodar alle om å følgje med på Facebook-sida vår for oppdateringar og eventuelle endringar i programmet!
Vi håpar mange born ønskjer å delta på aktivitetane i regi av Barneidretten i Hafslo IL våren 2019!