Årets Romjulscup på Hafslo vart arrangert i Samfunnsbygget på Hafslo tysdag 30.desember kl.16-2030. 57 gutar og jenter deltok, og det vart spelt 26 kampar totalt! Romjulscupen var for gutar og jenter i alderen 6 til 12 år, og spelarane vart fordelt på 13 lag etter alder og ferdigheiter i følgjande puljer:
Premier League: Gutar/jenter født i 2009, 2008, 2007 og 2006. 5 lag: Manchester United, Manchester City, Liverpool, Arsenal og Chelsea
Tippeliagen 2014: Gutar/jenter født i 2005 og 2004. 4 lag: Sogndal, Brann, Rosenborg og Lillestrøm
Spansk Primera Divisjon: Gutar/jenter født i 2004, 2003 og 2002.4 lag: Real Madrid, Barcelona, Atletico Madrid og Sevilla.
Spelarar, dommarar, dugnadsforeldre og ivrige foreldre blant publikum skapte ei flott ramme rundt Romjulscupen. Ikkje rart med tanke på alle storkampane kvelden hadde å by på, blant anna: Real Madrid-Barcelona, Brann-Rosenborg, Manchester United-Liverpool, og mange andre storoppgjer kunne vore nemnt!
Takk til foreldre og spelarar på G13/14 for super dugnadsinnsats under Romjulscupen! Ikkje minst til Jørgen, Håvar, Sondre, Sigurd og Johan for solid innsats som dommarar og lagleiarar! Takk også til Magnus som heilt frivillig melde seg som lagleiar for Manchester United!
Resultata blir ikkje publisert, og desse er uansett ikkje viktige. ALLE gutane og jentene leverte solid innsats, og fekk velfortent premie for innsatsen etter turneringa. Takk til Luster Sparebank for delvis sponsing av premiane til årets Romjulscup!
Håpar det blir mogleg å arrangere Romjulscup på Hafslo også neste år!
GODT NYTTÅR ALLE SAMAN! Satsar på at 2015 blir eit minst like godt fotballår på Hafslo som det året vi har lagt bak oss!