Hafslo Idrettslag har ei eiga Barneidrettsgruppe for born opp til 12 år. Barneidrettsgruppa er svært viktig for rekruttering og tilrettelegging av varierte aktivitetar på tvers av særgruppene for dei yngste medlemene våre.
Leiar og styremedlemene i Barneidrettsgruppa har ansvaret for å organisere og lage ein plan for ulike aktivitetar gjennom året i dialog med dei andre særgruppene. Så er det viktig at foreldre og andre bidreg gjennom året for gjennomføring av aktivitetane.
Leiar i Barneidrettsgruppa møter på om lag 6 utvida styremøte i idrettslaget gjennom heile året, og gruppa har eige budsjett for sine aktivitetar. Barneidrettsgruppa arrangerer mellom anna onsdagscupen på ski, orientering, sykling, friidrett, turar, svømming mm. I tillegg legg Barneidrettsgruppa til rette for småbarnstrim i gymsalen for born i alderen 0-5 år, og her er det viktig at foreldra involverer seg og tek ansvar for gjennomføring av denne aktiviteten.
Dei siste to åra har Anne Grete, Ann Helen og Janniche gjort ein kjempeflott innsats med å leie Barneidrettsgruppa i Hafslo IL. Dei takkar no for seg, og på årsmøtet i februar 2021 treng vi å få på plass ny leiar og nye styremedlemer til Barneidrettsgruppa, slik at vi framleis kan tilby varierte idrettsaktivitetar for dei yngste borna i idrettslaget vårt.
Vi håpar at nokon kan tenkje seg å bli ny leiar eller styremedlem i Barneidrettsgruppa vår. Ta kontakt med Anne Grete på tlf. 95920675 om dette er aktuelt, eller om de har andre spørsmål.