Organiserte aktivitetar i Hafslo IL veke 6 (8.-14.februar)

Trass i at korona-pandemien set nokre begrensningar for korleis vi kan gjennomføre organisert aktivitet i idrettslaget vårt, er det flott at særgruppene våre jobbar godt med å legge til rette for å gjennomføre aktivitet i tråd med korona-retningslinjene. Vi er glade for at vi kan gjennomføre eit aktivitetstilbod, særleg for born og unge, og her følgjer ei samla oversikt over aktivitetar i regi av Hafslo Idrettslag i veke 6 (8.-14.februar).

Måndag 8.februar:

Kl.1700-1800: Fotball G10 i gymsalen

Kl.1800-1930: Basistrening i gymsalen – for born og unge frå 7.klasse tom 20 år

Kl.1930-2100: Fotball J13/14/15/17 i gymsalen

Tysdag 9.februar:

Kl.1730-1850: Fotball G11/12 i gymsalen

Kl.1800-1900: Hoppleik ved Sogn Skisenter i regi av Hoppgruppa. Sjå info på FB-sida.

Kl.1900-2030: Fotball G13/14 i gymsalen

Onsdag 10.februar:

Kl.1730-1850: Fotball J13/14 i gymsalen

Kl.1800-2000: Alpintrening Sogn Skisenter – 3.klasse og oppover tom 20 år. Sjå info på FB-sida for gruppeinndeling

Kl.1800-2000: Freeski-aktivitet ved Sogn Skisenter – sjå info på FB-sida.

Kl.1900-2030: Fotball J15/17 i gymsalen

Torsdag 11.februar:

Kl.1700-1800: Idrett for Alle i regi av Trimgruppa i gymsalen – deltakarar tom 20 år – sjå info på FB-sida.

Kl.1800-1900: Langrennstrening i regi av Langrennsgruppa – born og unge ca 2.klasse og oppover tom 20 år

Kl.1830-2000: Handball – J10/11/12 i gymsalen

Fredag 12.februar:

Kl.1700-1800: Fotball J10/11/12 i gymsalen

Søndag 14.februar:

Kl. 1800-1930: Fotball G13/14 i gymsalen

Minner også om moglegheit for påmelding og deltaking på digital skicup vinteren 2021:  https://hafslo-il.no/2021/01/barneidrettsgruppa-startar-opp-korona-venleg-skicup-2021/ Barneidrettsgruppa håpar snart å starte opp med ulike skiaktivitetar som vanleg på onsdagane framover. Følg med på FB-sida vår for informasjon.

Vi håpar også at det vert opna for organisert aktivitet for vaksne frå 20 år og oppover etterkvart. Minner om at Trimgruppa har eit flott tilbod om trimturar som passar for medlemer i alle aldrar gjennom heile året: https://hafslo-il.no/2020/10/klart-for-ny-trimsesong-bli-trimmian-i-2021/ Hald deg i form med turar i nærområdet, og håpar mange vil nytte seg av dette aktivitetstilbodet.

Aktivitetane er for medlemer i Hafslo Idrettslag. Meir informasjon om medlemsskap i Hafslo IL finn de her: https://hafslo-il.no/2021/01/medlemsskap-hafslo-il-2021/ NB: Utsending av faktura for medlemsskap 2021 er litt forseinka. Alle som var medlemer i 2020 og ønskjer å vere medlemer i 2021 kan delta på organisert aktivitet. Nye medlemer som melder seg inn i 2021, kan delta på aktivitet etter innmelding. Så kan faktura for medlemsskap betalast seinare.

Hafslo IL følgjer med på korona-situasjonen, og vi ber alle følgje med på heimesida og FB-sida vår for oppdateringar og eventuelle endringar framover. Då det kan skje endringar i løpet av kort tid, tek vi sikte på å publisere ei oppdatert aktivitetsoversikt på heimesida vår kvar søndag framover dei komande vekene.

Vi oppmodar alle medlemene våre til å ta vare på kvarandre, vise omsyn, halde avstand og følgje dei nasjonale retningslinjene. Ved deltaking på organisert aktivitet i idrettslaget, ber vi alle følgje den informasjonen og rettleiinga de får av dei som har ansvar for aktivitetane. Så håpar vi at vi kjem tilbake til ein meir og meir normal kvardag med idrettsaktivitetar for alle etterkvart.

Vi ønskjer alle ei flott aktivitetsveke!