Det vert årsmøte for Hafslo Idrettslag for 2021 tysdag 8.mars 2022 kl.19.
Årsmøtet vert halde på Eikum Hotell.
Vanlege årsmøtesaker. Berre medlemer har røysterett.
Saker som medlemene vil ha handsama på årsmøtet må vera kome styret i hende seinast to veker før årsmøtet, det vil seie innan tysdag 22.februar 2022.
Saker kan meldast til styret på e-post til leiar@hafslo-il.no .
Årsmelding for 2021 og andre aktuelle saksdokument vert gjort tilgjengelege for medlemene på heimesida vår www.hafslo-il.no seinast ei veke før årsmøtet. Det kjem meir informasjon om dette på heimesida og på facebook-sida vår framover.
Hovudstyret i Hafslo IL