Som tidlegare annonsert her på heimesida og Facebook-sida vår, vert årsmøtet gjennomført som vanleg på Eikum Hotell torsdag 17.mars 2022 kl.19.
Det vert lagt opp til matservering som vanleg om lag kl.2030.
Årsmeldinga for 2021 er klar, og denne finn de i lenkja nedanfor:
Det er tre saker som er komne inn og som skal handsamast i tillegg til dei ordinære årsmøtesakene. Dette gjeld følgjande saker:
1. Spelemiddelsøknad for K45 ved Sogn Skisenter
2. Oppdatert Sportsplan Fotballgruppa – framlegg til ny Sportsplan 2022-2024 i lenkja nedanfor:
3. Årsmøtet gir hovudstyret mandat til å justere innhald i handlingsplan for 2019-2022 fram til årsmøtet i 2023
Bakgrunn og vurdering av innkomne saker og styret si innstilling til årsmøtet finn de i lenkja nedanfor:
Oppdatert saksliste til årsmøtet 17.mars finn de i lenkja nedanfor:
Rekneskapen for 2021 er framleis under revisjon, og vi arbeider med budsjett 2022. Så snart desse dokumenta er klare, legg vi dokumenta fortløpande ut her på heimesida (oppdaterer dette innlegget) før årsmøtet. Dokumenta vert uansett lagt fram for godkjenning på årsmøtet 8.mars 2022.
Styret jobbar også med å få på plass tillitsvalde i styret, gruppene og ulike utval/grupper i samarbeid med særgruppene. Vi har ikkje valnemnd, så vi håpar å få på plass kandidatar før årsmøtet neste tysdag. Om nokon kan tenkje å ta på seg tillitsverv, særleg i Langrennsgruppa og Alpingruppa, så kan de ta kontakt med leiar Ove Midtbø på tlf. 41375655. Vi har også plass til tillitsvalde i andre grupper! Styret si innstilling til val av nye tillitsvalde vert lagt fram på årsmøtet.
NB: Vi gjer merksam på at årsmelding for 2021 og øvrige saksdokument berre vert gjort tilgjengeleg digitalt. Det betyr at papirkopi ikkje vert gjort tilgjengeleg for dei som møter på årsmøtet. Om nokon ønskjer papirkopi ved oppmøte, kan de sende ein e-post til leiar Ove Midtbø per e-post til: ovemidtbo@hotmail.com.
Vi ønskjer alle medlemene våre velkomne på årsmøtet neste tysdag. Er du sjuk, oppmodar vi om at du ikkje møter. Vi gjer også merksam på at det berre er medlemer av idrettslaget som har røysterett.
Vel møtt!
Styret i Hafslo IL
Innlegg publisert 01.03.2022. Sist oppdatert 08.03.2022