God jul og godt nyttår!

Då nærmar det seg årsslutt, og Hafslo Idrettslag kan sjå tilbake på nok eit innhaldsrikt og aktivt idrettsår i jubileumsåret 2024 der idrettslaget har fylt 90 år!

Hafslo Idrettslag er heldige som har mange supre utøvarar i fleire ulike idrettar, og som deltek på aktivitetane våre. Det er også svært mange som legg ned ein enorm frivilleg innsats for å halde aktivitetane i gong. Idrettslaget vil særskilt takke alle trenarar, lagleiarar, tillitsvalde og andre støttespelarar for den flotte og viktige innsatsen de legg ned gjennom året. Takka vere dykkar dugnadsinnsats, kan Hafslo Idrettslag tilby stor breidde i aktivitetane og bidra til å skape viktige sosiale møteplassar og fellesskap for born og unge og folk i alle aldrar.

Vi må også takke alle sponsorane og samarbeidspartnarane våre, og alle som støttar oss både økonomisk og på andre måtar. Dette betyr utruleg mykje for mange, og gjer at vi kan drifte og vedlikehalde anlegg og tilby stor breidde i aktivitetane våre. Takk også til dei andre idrettslaga vi har hatt eit godt samarbeid med om aktivitetar i året som har gått.

Hafslo Idrettslag ønskjer alle ei god og fredfull julehøgtid og eit riktig godt nyttår! Så ser vi fram til eit nytt år med stor aktivitet og idrettsglede også i 2025!

Julehelsing frå styret i Hafslo IL