PÅMELDING TIL AKTIVITETAR I HAFSLO IL SESONGEN 2025

Då har vi snart avslutta nok eit flott år og sesong med stor og variert aktivitet i Hafslo Idrettslag. Idrettslaget vil takke alle medlemene våre som har delteke på ulike aktivitetar og alle andre som har vore medlemer og bidrege i 2024!

No er det mogleg å melde seg på aktivitetar sesongen 2025. Vi håpar mange ønskjer å delta på ein eller fleire av aktivitetane våre også komande sesong, og satsar på at vi kan starte opp med vinteraktivitetar om kort tid. Følg med på Facebook-sida vår om oppstart av aktivitetar etter nyttår.

Alle som skal vere med på aktivitetar sesongen 2025 må melde seg på i eitt eller fleire av dei elektroniske skjemaene de finn lenkjer til nedanfor. NB: Det er tre ulike påmeldingsskjema. Merk at det er eigne skjema for fotball miniputt/aldersbestemt og fotball senior menn og kvinner, og eige skjema for andre idrettsaktivitetar utanom fotball.

Fotball aldersbestemt og miniputt sesongen 2025 (jenter og gutar fødde 2007 – 2019)

Fotball senior sesongen 2025 (damer og herrer)

Andre idrettsaktivitetar sesongen 2025 (langrenn, alpint, friski, skihopp, barneidrett 6-12 år, småbarnstrim 0-5 år, handball, Idrett for Alle, basistrening, volleyball (vaksne)

Det er mogleg å melde seg på fleire aktivitetar, og vi ber om at alle melder seg på alle aktivitetane dei er med på. Ved deltaking på fleire aktivitetar, treng ein uansett å betale berre ei treningsavgift.

For å delta i aktivitetar i regi av Hafslo IL må følgjande vera oppfylt:

1. MEDLEMSSKAP I HAFSLO IDRETTSLAG. Kr.300 for enkeltmedlemsskap. Kr. 750 for familiemedlemsskap. Medlemsskap er ein føresetnad for å vera omfatta av forsikringar som trer inn i tilfelle skadar. Medlemsskap er også grunnlag for ulike støtteordningar og offentlege tilskot.

2. BETALE TRENINGS-/DELTAKARAVGIFT TIL HAFSLO IL FOR 2025.

Satsane for 2025 er slik:

0-9 år (født 2016 til 2025): Gratis

10-14 år (født 2011-2015): kr. 400

15-19 år (født 2006-2010): kr. 600

For vaksne frå 20 år og oppover finn de meir informasjon om treningsavgift her: https://hafslo-il.no/treningsavgifter/  Det er berre krav om ei trenings-/deltakaravgift uansett kor mange idrettar ein deltek i for Hafslo Idrettslag.

3. UTFØRE DUGNADSARBEID FOR HAFSLO IL (T.d. medlem av hovudstyret, medlem av særgruppe, medlem i foreldrelaget, trenar, lagleiar, loddsal, anna arbeid.  Særgruppene har ulike dugnader i tillegg). Førespurnad om dugnad vert sendt ut ved behov gjennom året.

4. GJELD FOTBALL: ALLE FORELDRE TIL PÅMELDE SPELARAR PÅ MINIPUTT OG ALDERSBESTEMTE LAG  OG SENIORSPELARAR MÅ UTFØRE 2 DUGNADSVAKTER I SAMBAND MED LERUM CUP (21.- 23.juni 2025). To vakter per familie dersom fleire born. Skjema for innmelding av dugnadsønskje vert sendt ut før turneringa. Alle foreldre som har born som deltek på fotball og seniorspelarar må sette av helga i kalendaren!

NB: Idrettslaget gjer merksam på ordninga med Luster Fritidsfond, der ein kan få økonomisk støtte til deltaking i fritidsaktivitetar: https://www.luster.kommune.no/luster-fritidsfond.484209.nn.html  

PÅMELDINGSFRIST: 15.JANUAR 2025

Stadfesting og faktura for medlemsskap vert sendt ut i løpet av januar 2025.

Det er viktig at alle som deltek i idrettsaktivitetar i Hafslo IL melder seg på dei ulike aktivitetane i skjemaene ovanfor, slik at vi får registrert medlemsskap med tanke på forsikringsdekning mm.

Når idrettslaget har registrert påmelding til ein eller fleire aktivitetar, får du i løpet av januar 2025 tilsendt eigen e-post frå leiar@hafslo-il.no med betalingsinformasjon om korleis du betalar faktura for medlemsskap og treningsavgift gjennom www.minidrett.no . Faktura for medlemsskap og treningsavgift kjem i ulike e-postar. Merk at e-postar blir sendt til den første registrerte e-postadressa som blir oppgitt ved påmelding!

Særskilt for fotball: Påmeldinga for fotballsesongen er bindande, då påmeldingane dannar grunnlag for påmelding av lag til seriespel sesongen 2025.

Ved eventuelle spørsmål kan de kontakte medlemsansvarleg Erna Hamrum, e-post erna.hamrum@gmail.com  el. tlf. 99 39 56 32.

Helsing styret i Hafslo IL