Årsmøte for Hafslo IL torsdag 13.februar 2025 – oppdaterte saksdokument

Vi minner om årsmøte for Hafslo Idrettslag for 2024 torsdag 13.februar 2025 kl. 19.

Årsmøtet vert som vanleg halde på Eikum Hotell.

Det er ikkje kome inn saker til årsmøtet, så det vert vanlege årsmøtesaker. Styret har framlegg til vidareføring av gjeldande organisasjonsplan 2023-2026.

Saksliste, årsmelding for 2024 og framlegg til vedtak av organisasjonsplan fram til 2026 finn de i lenkjene nedanfor:

Organisasjonsplan Hafslo IL 2023 – 2026

Saksliste, saksdokument og årsmelding for 2024 vert i utgangspunktet berre tilgjengelege digitalt. Vi kjem til å trykke opp nokre papireksemplar til årsmøtet, men oppmodar alle om å ordne papirutskrift sjølve om de ønskjer det.

Rekneskap 2024 og budsjett 2025 vert gjennomgått på årsmøtet.

Berre medlemer har røysterett, og du må ha vore medlem i minst ein månad før årsmøtet, jf. lov for Hafslo IL § 5, jf. NIFs lov § 2-5.

Vel møtt til årsmøte for Hafslo IL på Eikum Hotell torsdag 13.februar 2025 kl.19!

Helsing

Hovudstyret i Hafslo IL